English version of this page

Trekk frå eksamen

Du kan trekkje deg frå eksamen innan visse fristar for kvar eksamen. Dersom du trekkjer deg etter fristen eller under eksamen, har du brukt eit eksamensforsøk.

For å trekkje deg frå eksamen før fristen, trykk på knappen 'Trekk frå eksamen' ved eksamensmeldinga, som du finn frå menyvalget Aktive emne i Studentweb.

Logg på Studentweb

Avhengig av eksamenstype, er fristen for å trekkje seg frå eksamen to veker før:

  • den aktuelle eksamensdatoen
  • den første eksamensdagen ved fleire eksamensdagar
  • fristen for innlevering av semesteroppgåve eller tilsvarande
  • datoen for utlevering av heimeeksamensoppgåve eller tilsvarande
  • fristen for innlevering av siste oppgåve ved mappelevering eller anna form for vurdering gjennom undervisningsperioden

Trekk etter fristen vil gjelde som eit eksamensforsøk. Det blir også rekna som eit forsøk dersom du ikkje møter til eksamen. Les meir om gyldig fråvær.

Klinisk ernæring, medisin, odontologi og tannpleie

For studieprogramma i klinisk ernæring, medisin, odontologi og tannpleie er det ingen frist for å trekkje seg frå eksamen. Manglande frammøte til eksamen utan gyldig forfall vert ikkje rekna som et eksamensforsøk og utløyser ikkje rett til utsett eller ny eksamen. Studentar som ikkje møter til eksamen vil rykke ned eit kull og bli underlagde prioritering for å få plass på kullet under.

Spørsmål?

Kontakt studentinfosenteret på fakultetet ditt.

 

Publisert 20. mai 2010 22:38 - Sist endret 14. des. 2016 14:36