ENG4315 – The Fiction of Joseph Conrad

Kort om emnet

Emnet gir ei innføring i forfattarskapen til ein av dei viktigaste representatane for britisk og europeisk modernisme, den polskfødde forfattaren Joseph Conrad (1857-1924). Emnet vil vere konsentrert om Conrads sentrale noveller og romanar. Det vil også fokusere på Conrads biografiske og kulturelle kontekst, og på dei mangetydige og subtile transformasjonane frå liv til litteratur. Conrads posisjon i postkoloniale studier vil også bli diskutert.

Kva lærer du?

Å tileigne seg gode kunnskapar om dei av Conrads bøker som inngår i emnet. Å utvikle evne til å diskutere og analysere narrative fiksjonstekstar ved hjelp av relevant litteraturteori. Å lære å lese og tolke Conrads tekstar i lys av den sosiale, politiske og kulturelle konteksten dei inngår i.

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

Minimum 3 og maksimum 10 studentar

Forkunnskapar

Obligatoriske forkunnskapar

For studentar utanfor litteraturprogrammet vert det kravd at ein har minst 20 sp engelskspråkleg litteratur, engelsk språk eller kulturkunnskap.

Undervisning

Eit dobbelttimeseminar i veka gjennom semesteret. Midt i semesteret er det lagt inn ein undervisningsfri periode (haustsemesteret: 1 veke, vårsemesteret: 2 veker) som skal brukast til sjølvstudium og oppgaveskriving. Det føresettes at studentane tar del i undervisninga.

Eksamen

Studenten vil gi ein munnleg presentasjon (godkjent/ikkje godkjent) og utarbeide ein skriftleg seminaroppgåve på 10 standardsider. (Denne oppgåva vil seinare kunne danne eit utgangspunkt for masteroppgåva.) Oppgåva vert karaktersett etter ein gradert skala fra A til E for godkjent og F for ikkje godkjent.

Anna

Med eit noko utvida pensum vil emnet telje 15 studiepoeng i gammal studieordning.

Fakta om emnet

Studiepoeng
10
Undervisning

Vert annonsert minst eitt år i forkant.

Eksamen

Vert annonsert minst eitt år i forkant.

Undervisningsspråk
Engelsk