Bli enkeltemnestudent
Du kan studere enkeltemne utan å vere teken opp på eit program, viss du er kvalifisert og får plass på emnet. Du blir enkeltemnestudent for eitt semester av gongen. Vi forventar at du tek eitt emne kvart semester du er enkeltemnestudent, men du kan velje å ta fleire.
For å bli enkeltemnestudent må du
- først gjere deg viss på at du er kvalifisert i SøknadsWeb
- og så søkje på emne med ledig plass i StudentWeb
1. Søk om å bli kvalifisert i SøknadsWeb
Fristane for å søkje om å bli kvalifisert hausten 2012 er:
- 15. juli 2012 på grunnlag av realkompetanse
- 1. august 2012 på grunnlag av generell studiekompetanse
Du kan søkje om å bli kvalifisert for haustsemesteret frå 24. mai 2012
Les om korleis du søkjer om å bli kvalifisert:
Kultur-, språk- og samfunnsfag
2. Søk på emne med ledig plass i StudentWeb
Du søkjer på emne med ledig plass på undervisninnga i StudentWeb. Først-til-mølla-prinsippet gjeld, og du får svar med éin gong. Nokre emne har krav til forkunnskapar, og dei må du dekkje for å kunne ta eksamen, sjå dei ulike emneomtalane.
Kultur-, språk- og samfunnsfag
- Frå 21. august kl. 9 kan du søkje på bacheloremne med ledig plass på undervisninga i kultur-, språk- og samfunnsfag, dersom du er kvalifisert. Du treng altså ikkje ein aktiv studierett. Får du innvilga plass på eit emne, er du enkeltemnestudent hausten 2012.
- Du må deretter semesterregistrere deg og betale semesteravgifta. Du finn betalingsopplysningane i StudentWeb. Krav om kopiavgifta, kr 50 for enkeltemnestudentar i kultur-, språk- og samfunnsfag, blir ikkje synleg i StudentWeb før tidleg i september. Da får du e-post om at du må betale ho.
- Frist: 1. september 2012
Informatikk og realfag
- Frå 21. august kl. 9 kan du søkje på emne med ledig plass i informatikk og realfag.
- Du må deretter semesterregistrere deg og betale semesteravgifta. Du finn betalingsopplysningane i StudentWeb.
- Frist: 1. september 2012
Brukarrettleiing for enkeltemnestudentar i StudentWeb