ENG4316 – Novel and Drama to Film

Kort om emnet

Emnet gir ei innføring i den komplekse transformasjonsprosessen frå ein litterær tekst (roman eller drama) til ein film som er basert på, eller inspirert av, denne teksten. Sjølv om emnet ser litteratur og film som likeverdige kunstformer, tar det utgangspunkt i tekstorientert studium av dei aktuelle romanene og dei to drama av Shakespeare. Med utgangspunkt i litterær analyse spør det så korleis film-adaptasjonen forheld seg til det litterære forelegget. Dette forholdet mellom to media fortel også noko vesentleg om anglo-amerikansk kultur.

Kva lærer du?

Å tileigne seg gode kunnskapar om tekstane og dei tilsvarande filmversjonane (adaptasjonane) som inngår i emnet. Å utvikle evne til å diskutere og analysere litteratur og film ved hjelp av relevant teori.

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

Minimum 3 og maksimum 10 studentar

Forkunnskapar

Obligatoriske forkunnskapar

For studentar utanfor litteraturprogrammet vert det kravd at ein har minst 20 sp engelskspråkleg litteratur, engelsk språk eller kulturkunnskap.

Undervisning

Eit dobbelttimeseminar i veka gjennom semesteret. Midt i semesteret er det lagt inn ein undervisningsfri periode (haustsemesteret: 1 veke, vårsemesteret: 2 veker) som skal brukast til sjølvstudium og oppgaveskriving. Det føresettes at studentane tar del i undervisninga.

Eksamen

Studenten vil gi ein munnleg presentasjon (godkjent/ikkje godkjent) og utarbeide ein skriftleg seminaroppgåve på 10 standardsider. (Denne oppgåva vil seinare kunne danne eit utgangspunkt for masteroppgåva.) Oppgåva vert karaktersett etter ein gradert skala fra A til E for godkjent og F for ikkje godkjent.

Anna

Med eit noko utvida pensum vil emnet telje 15 studiepoeng i gammal studieordning.

Fakta om emnet

Studiepoeng
10
Undervisning

Vert annonsert minst eitt år i forkant.

Eksamen

Vert annonsert minst eitt år i forkant.

Undervisningsspråk
Engelsk