Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

Grunnleggjande ferdigheiter innan IT, bruk av Office-pakka og metodisk plattform er forventa ved oppstart av spesialistutdanninga. I introduksjonskurset blir det gitt tre mindre kurs om Bibliotek og manuskript, informasjonsteknologi og klinisk fotografering. Kursa er obligatorisk for alle kandidatar.

Kva lærer du?

Bibliotek og manuskript

Bibliotek og manuskript

Library / Scientific presentation (in english)

Kandidaten får inngåande kunnskap om referanseverktøy og -stiler, søkeverktøy og bruk av databaser for å fremskaffe evidens til å svare ut kliniske problemstillinger og ulike forskningsspørsmål.


Informasjonsteknologi

Information Technology (in english)

Kandidaten får inngåande kunnskap om MS Office-programmene eller tilsvarende, journalsystemet ved fakultetet og bruk av adekvate referanseverktøy.
 

Klinisk fotografering

Klinisk fotografering (pdf)

Kunnskap om klinisk fotografering for korrekt attgjeving og dokumentering av foto-tilgjengelege orale funn og til bruk i behandlingsplanlegging (drøfting med andre spesialistar, tannteknikar etc?)
Standard bilete (portrett /front/segment/enkelttann)
Kva slags fotoutstyr er det behov for i spesialistpraksis?
Foto skal bidra til å lære ”korleis ein treffer med ein gong”.

Opptak og tilgangsavgrensing

Emnet er reservert for kandidatar på spesialistprogrammet i odontologi.

Undervisning

Seminar, gruppeundervisning og kurs. Det registrerast frammøte til undervisninga.
Det er forventa at studentane førebur seg til undervisninga og gjer nødvendig etterarbeid.

Adgang til undervisning

Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.

Eksamen

Deltaking i undervisninga gir bestått emne.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala bestått/ikkje bestått. Les meir om karakterskalaen.

Evaluering av emnet

Vi gjennomfører fortløpande evaluering av emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande evaluering.

Fakta om emnet

Studiepoeng
4
Undervisning
Kvar haust
Undervisningsspråk
Norsk