Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

Dette er eit fakultetsbasert emne. Emnet går annankvar vår i dei semestra der det ikkje er kjernepensum (partalsår).

Sjå studieretninga di under Oppbygging og gjennomføring for informasjon om emnet er obligatorisk eller valfritt for deg.

Kva lærer du?

Etter kurset skal kandidatane vera i stand til å identifisera den medisinske risikopasienten og kunne behandla denne på forsvarleg vis. Kandidatane skal ha kjennskap til dei vanlegaste oral medisinske tilstandane og vera i stand til identifisera pasientar med orale potensielt maligne tilstandar, oral cancer og korleis desse pasientane skal handterast.

Læringsmål

Kunnskapar:

Kandidaten skal etter endt undervisning ha tileigna seg kunnskapar om

  • identifikasjon og handtering av den medisinske risikopasienten.
  • dei vanlegaste oralmedisinske sjukdommar – ikkje infeksiøse så som after, lichen planus etc.
  • infeksjonssjukdommar i munnhuleområdet
  • orale manifestasjonar av systemiske sykdommer
  • oral cancer
  • salivasekresjon relatert til oral og generell helse

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar med opptak til spesialistprogrammet i odontologi.

Undervisning

Arbeidsform: Kurs.
Det er forventa at studentane førebur seg til undervisninga og gjer nødvendig etterarbeid.

Adgang til undervisning

Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.

Eksamen

Deltaking i undervisninga gir bestått emne.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala bestått/ikkje bestått. Les meir om karakterskalaen.

Evaluering av emnet

Vi gjennomfører fortløpande evaluering av emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande evaluering.

Fakta om emnet

Studiepoeng
2
Undervisning
Annankvar vår frå 2004
Undervisningsspråk
Norsk