OD8120 – Klinisk praksis og avdelingsbaserte kurs 2

Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

Emnet består av ulike avdelingsbaserte kurs og klinisk praksis. Delane blir arrangerte av fagavdelinga for endodonti.
Emnet er obligatorisk.

Kva lærer du?

Hovudmålet er at kandidaten skal oppnå den kunnskapen og dei ferdigheitene som trengst i rolla som endodontist.
Kandidatane blir kontinuerleg tildelt pasientbehandling og fordeling av pasientar blir gjorde etter kompetansenivå.

Ved problem omkring framdrift, blir kandidaten informert om situasjonen, og så langt det ressursmessig er mogleg, blir det særlege undervisningstiltak instituert for å hjelpa til framdrift. Særlege tiltak treffest i samråd med Semesterstyret for spesialistutdanning - SUSp. Dette gjeld t.d. om eit studieår må takast om, eller om kandidaten ikkje blir rekna for å kunna nå læringsmåla innan rimeleg tid.

Læringsmål

For kandidatar som tek emnet i 2. semester:

Kandidaten skal etter endt undervisning ha tileigna seg gode kunnskapar om

  • det vitskaplege grunnlaget for endodonti - herunder vitskapleg metodikk, statistikk og epidemiologi nytta på endodontiske problemstillinger
  • interaksjonar mellom orale og systemiske sjukdommar
  • behandlingmetoder og risikovurderingar knytt til dei
  • materiale for preendodontisk oppbygning
  • prinsippa for relevante system for desinfeksjon og fylling av rotkanalsystemet

og ferdigheiter til å

  • ta hand om endodontal sjukdom hos pasientar med nedsett allmentilstand
  • assistere ved operasjonar
  • evaluere forsking i eige fagområde
  • utføre grunnleggjande statistisk analyse på kompetent vis

For kandidatar som tek emnet i 4. semester:

Kandidaten skal etter endt undervisning ha tileigna seg gode kunnskapar om

  • den historiske utviklinga i endodontisk behandling
  • vital pulpaterapi og sjølvstendig kunne utføre alle former for vital pulpaterapi
  • alle former for tannfrakturar, etiologien deira, forbyggelse, diagnostikk og forløp
  • alle resorpsjonsprosessar og sjukdommar i tenner

og ferdigheiter til å

  • sjølvstendig kunne utføre ikkje kirurgisk behandling av primær apikal periodontitt, apikal abscess og rotcyste inkludert revaskulariseringskasus og andre kasus av høg vanskelighetsgrad
  • sjølvstendig kunne vurdere og behandle tenner med anatomiske variasjonar og tekniske komplikasjonar som krev særskilde tiltak

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar med opptak til spesialistprogrammet i endodonti. Emnet kan ikkje takast som enkeltemne. Sjå òg om opptakskrav på programsida.

Forkunnskapar

Obligatoriske forkunnskapar

Emnet byggjer vidare på kunnskapar og ferdigheiter frå emnet OD8110 for kandidatar på 2. semester i studieløpet, eller emnet OD8130 for kandidatar på 4. semester i studieløpet.

Undervisning

Spesialistprogrammet i odontologi er eit heiltidsstudium. Sjå om lærings- og vurderingsmappe under Kva lærer du?

Kliniske seminar, gruppeundervisning, arbeidskurs og klinisk praksis.

Det er forventa at studentane førebur seg til undervisninga og gjer etterarbeid.

Obligatorisk arbeidskrav

Kandidaten skal gjennom heile studiet bidra i den kliniske undervisninga av tannlegestudentane som føregår på Klinikk for allmenn voksen, både med formål om eigen klinisk læring og pedagogisk trening.

Klinisk praksis og kursdeltaking vurderast med bestått/ikkje bestått. Bestått arbeidskrav er ein føresetnad for bestått emne/semester.

Adgang til undervisning

Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.

Eksamen

Slutteksamen avhaldast i 6. semester.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala bestått/ikkje bestått. Les meir om karakterskalaen.

Evaluering av emnet

Vi gjennomfører fortløpande evaluering av emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande evaluering.

Fakta om emnet

Studiepoeng
18
Undervisning
Kvar vår
Undervisningsspråk
Norsk