OD8250 – Klinisk praksis og avdelingsbaserte kurs 5

Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

Emnet består av ulike avdelingsbaserte seminar og klinisk praksis på Avdeling for kjeve- og ansiktsradiologi, og dessutan hospitering på andre avdelingar ved behandling av eigne pasientar. I denne delen av studiet vil noko av den kliniske praksisen føregå på sjukehus, som hospitering ved radiologiske og kjevekirurgiske avdelingar.

Emnet er obligatorisk.

Kva lærer du?

I dei avdelingsbaserte seminara er tema anatomi og ulike tilstandar og sjukdommar som rammar tenner, kjevar og tilgrensande delar av ansiktet, samt vitskapleg radiologisk litteratur. Seminara føregår gjennom alle semestra og det vil variere noko mellom kandidatkulla kva tema som kjem opp på det aktuelle semesteret.

I den kliniske praksisen lærer du å vurdere tilvisingar, planlegge og gjennomføre ulike typar radiologiske undersøkingar med dei modalitetane som er på Avdeling for kjeve- og ansiktsradiologi og aktuelle radiologiske modalitetar som finst på sjukehus, samt tolke og formidle resultata av undersøkingane både skriftleg og munnleg.

Læringsmål

KUNNSKAP

Kandidaten skal etter endt undervisning

  • ha oppnådd teoretisk kunnskap, ut over krava i tannlegeutdanninga, på dei tema som ein gjennomgår i seminarrekkjene i løpet av semesteret

FERDIGHEITER

Kandidaten skal ha oppnådd

  • god forståing for og ferdigheit i kritisk lesing av vitskapleg og annan fagleg radiologisk litteratur, og sjølvstendig kunne vidareformidle forskningsresultat.
  • god forståing for og ferdigheit i å lese, tolke og formidle resultata av CBCT-undersøkingar av dei fleste problemstillingar som blir tilvist til Avdeling for kjeve- og ansiktsradiologi. Kandidaten skal kunne formidle dei fleste problemstillingane med minkande behov for rettleiing.

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar med opptak til spesialistprogrammet i kjeve- og ansiktsradiologi. Emnet kan ikkje takast som enkeltemne. Sjå òg om opptakskrav på programsida.

Forkunnskapar

Obligatoriske forkunnskapar

Emnet byggjer vidare på kunnskapar og ferdigheiter frå 2. studieår ved spesialistutdanninga i kjeve- og ansiktsradiologi.

Undervisning

Kliniske og teoretiske seminar og kurs, og klinisk praksis. Sjå om lærings- og vurderingsmappe under Kva lærer du?

Det er forventa at studentane førebur seg til undervisninga og gjer etterarbeid. All undervisning er obligatorisk.

Obligatorisk arbeidskrav

Kandidaten skal gjennom heile studiet bidra i den kliniske undervisninga av tannlege- og tannpleiarstudentane som føregår på Avdeling for kjeve- og ansiktsradiologi, både med formål om eigen klinisk læring og pedagogisk trening.

Kandidaten skal gjennom heile studiet ha klinikkøkter kor ein er aktivt involvert i pasientundersøkingane og økter for bildegransking og skriving av radiologisvar, i samsvar med den kliniske timeplanen på avdelinga (Basisskjema).

Klinisk praksis og kursdeltaking vurderast med bestått/ikkje bestått. Bestått arbeidskrav er ein føresetnad for bestått emne/semester.

Adgang til undervisning

Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.

Eksamen

Slutteksamen avhaldast i 6. semester.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala bestått/ikkje bestått. Les meir om karakterskalaen.

Evaluering av emnet

Vi gjennomfører fortløpande evaluering av emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande evaluering.

Fakta om emnet

Studiepoeng
30
Undervisning
Kvar haust
Undervisningsspråk
Norsk