OD8310 – Klinisk praksis og avdelingsbaserte kurs 1

Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

Emnet er obligatorisk og består av ulike avdelingsbaserte kurs og klinisk praksis. Delane blir arrangerte av fagavdeling for kjeveortopedi.

Kva lærer du?

Semesteret byrjar med eit typodontkurs (simulatorkurs) som gir grunnleggjande kunnskap om kjeveortopedisk diagnose og behandlingsteknikk. Kurset varer mellom 4 og 6 veker og består av forelesingar, seminar og praktiske øvingar. Etter kursa startar pasientbehandling, og dessutan kliniske seminar med behandlingsplanlegging og vidare gjennomgang av lærebøker i kjeveortopedi.

Læringsmål

For kandidatar som tek emnet i 1. semester:

Kandidaten skal etter endt undervisning ha tileigna seg kunnskapar om å 

  • diagnostisere alle typar avvik i tannframbrot og okklusjon
  • vurdere behovet for kjeveortopedisk behandling

og ferdigheiter til å kunne

  • ta records (fotos, skann/avtrykk, diverse røntgen), analysere dei og lage behandlingsplan for enkelte malokklusjoner
  • behandle pasientar med fast apparatur (setje på, ta av, byte buar) under rettleiing

For kandidatar som tek emnet i 3. semester:

Same læringsmål som i 1.studieår. I tillegg skal kandidaten etter endt undervisning ha tileigna seg kunnskapar

  • innan pedagogisk teori og øving til å kunne planleggje og gjennomføre undervisning i kjeveortopedi

og ferdigheiter til å

  • behandle pasientar med fast og avtakbar apparatur
  • samarbeide om pasientar som krev interdisiplinær kompetanse
  • lese fagleg litteratur med eit kritisk blikk
  • delta aktivt i fagleg diskusjon

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar med opptak til spesialistprogrammet i kjeveortopedi. Emnet kan ikkje takast som enkeltemne. Sjå òg om opptakskrav på programsida.

Forkunnskapar

Obligatoriske forkunnskapar

Ingen spesielle forkunnskapar for kandidatar på 1. semester. Emnet byggjer vidare på kunnskapar og ferdigheiter frå 1. studieår for kandidatar på 3. semester i studieløpet.

Undervisning

Spesialistprogrammet i odontologi er eit heiltidsstudium. Sjå om lærings- og vurderingsmappe under Kva lærer du?

Gruppeundervisning: teoretiske og kliniske seminar, klinisk praksis og eventuelt gjesteforelesingar. Kandidatane skal førebu eigne presentasjonar om behandlingsforslag under rettleiing av instruktørane.

Det er forventa at studentane førebur seg til undervisninga og gjer etterarbeid.

Obligatorisk arbeidskrav

Kvar teoretiske seminarrekkje blir avslutta med ei prøve som vurderast med bestått/ikkje bestått. Det er obligatorisk å bestå alle prøvene før slutteksamen i 6. semester.

Kandidaten skal gjennom studiet bidra i den kliniske undervisninga av tannlege- og tannpleiarstudentar som føregår på Avdeling for kjeveortopedi, både med formål om eigen klinisk læring og pedagogisk trening.

Alle kurs og seminar er obligatoriske. Klinisk praksis og kursdeltaking vurderast med bestått/ikkje bestått. Bestått arbeidskrav er ein føresetnad for bestått emne/semester.

Adgang til undervisning

Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.

Eksamen

Slutteksamen avhaldast i 6. semester.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala bestått/ikkje bestått. Les meir om karakterskalaen.

Evaluering av emnet

Vi gjennomfører fortløpande evaluering av emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande evaluering.

Fakta om emnet

Studiepoeng
21
Undervisning
Kvar haust
Undervisningsspråk
Norsk