OD8420 – Klinisk praksis og avdelingsbaserte kurs 2

Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

Emnet består av ulike avdelingsbaserte kurs og klinisk praksis. Delane blir arrangerte av fagavdelinga for oral kirurgi og oral medisin.

Emnet er obligatorisk.

Kva lærer du?

Emnet skal halda fram med innføring i spesialistutdanninga i oral kirurgi og oral medisin. I dette semesteret vil ein vektleggja oralkirurgisk og oralmedisinsk undersøking av pasientar. Polikliniske operasjonar blir utførte sjølvstendig og med rettleiing. Ein startar med teoretisk og praktisk undervisning i oral implantat behandling. Fortsetjing av spesialistarbeid.

Læringsmål

For kandidatar som tek emnet i 2. semester:

Kandidaten skal etter endt undervisning ha tileigna seg gode kunnskapar om

  • inndeling av tann, kjeve og ansiktsskadar
  • følgjetilstandar etter traume mot tenner, kjeve og ansikt
  • belastningsskadar mot tenner og kjeveledd
  • mikrobiologi og sjukdommar som er mikrobiologisk fundert
  • statistikk og forskingsmetode for sjølv å kunna planleggje, gjennomføre, vurdere og tolke eiga spesialistoppgåve, og dessutan på eit sjølvstendig grunnlag å analysere statistisk metode og tolking i vitskaplege artiklar
  • aktuell nasjonal og internasjonal litteratur og vurdere denne kritisk.
  • teoretiske grunnlag for væskebalanse i samband med traume
  • naturlege tilhelingsprosesser etter kirurgiske inngrep og ved skadar

og ferdigheiter til å

  • vurdere pasientar for oral implantatbehandling og kjenne til prinsipp for implantatbehandling og beinerstatningar
  • vurdere laboratorietestar (mikrobiologi, hematologi, patologi)
  • vurdere tilskadekomne pasientar ved ulike typar ulykker inkl. ballistiske skadar
  • diagnostisere alle typar av kjeve-/ansiktsskadar, tannskadar og bløtvevsskader i munn og ansikt
  • utføre hjarte- lungeredning
  • gjere akuttbehandling ved tann- og kjeveskadar
  • stille diagnosar og foreslå behandling for dei vanlegaste oralkirurgiske sjukdommane
  • utføre oralkirurgiske inngrep under rettleiing som fjerning av røter og visdomstenner
  • utarbeide plan og prosjektskildring for spesialistarbeid

samt følgjande generelle kompetanse:

  • utveksle synspunkt og erfaringar med anna helsepersonell om oralkirurgiske problemstillingar
  • førebygging av skadar
  • formidle sentralt fagstoff på individ- og gruppenivå

For kandidatar som tek emnet i 4. semester:

Kandidaten skal etter endt undervisning ha tileigna seg gode kunnskapar om

  • årsaker til tanntap
  • materialval ved oral implantatbehandling og beinrekonstruksjon
  • årsaker til tap av implantat
  • orale manifestasjonar av allmenne sjukdommar og medisinering
  • generelt om medisinske tilstandars betydning for oral helse
  • behandlingsgang og prognose for maligne svulstar
  • generelt om medisinske forholds betydning for oral kirurgisk behandling
  • ASA klassifisering av pasientar
  • generelt om medisinske kontraindikasjonar for oralkirurgiske inngrep
  • kulturelle og sosioøkonomiske aspekt ved tannbehandling
  • etiske aspekt ved val av behandling og prognosevurdering

og ferdigheiter til å

  • gje pasientane ein etisk forsvarleg diagnostikk, behandling og oppfølging
  • utføre kirurgisk implantatbehandling og beinrekonstruksjon med rettleiing
  • behandle inflammasjonar ved implantat
  • behandle komplikasjonar etter implantatbehandling
  • behandle tap av implantat k
  • medisinsk undersøking av pasientar med relevans for oral kirurgi og oral medisin
  • utføre poliklinisk undersøking av pasientar med og utan rettleiing
  • diagnostisere og behandle munnslimhinneforandringar
  • diagnostisere og behandle benigne svulstar under rettleiing
  • utføre oralkirurgiske inngrep sjølvstendig med og utan rettleiing

samt følgjande generelle kompetanse:

  • utveksle synspunkt og erfaringar med anna helsepersonell om oralkirurgiske problemstillingar
  • samarbeid med andre spesialitetar
  • vise profesjonelle vurderingar av etiske dilemma i forsking
  • definere forskingsprosjekt som involverer pasientar og bedømme relevans og nytte
  • gjennomføre etiske val i forhold til behandling på individ- og gruppenivå

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar med opptak til spesialistprogrammet i oral kirurgi og oral medisin. Emnet kan ikkje takast som enkeltemne.

Forkunnskapar

Obligatoriske forkunnskapar

Emnet byggjer vidare på kunnskapar og ferdigheiter frå emnet OD8410 ved spesialistutdanninga i oral kirurgi og oral medisin.

Undervisning

Forelesingar, seminar og rettleidde klinisk oral kirurgisk og oralmedisinsk undersøking og behandling på IKO, UiO og Oslo Universitetssjukehus (Rikshospitalet og Ullevål). 

Delta ved Forsvarets sanitets krigskirurgikurs når dette blir halde.

Det er forventa at studentane førebur seg til undervisninga og gjer etterarbeid.

Detaljert timeplan blir utarbeidd før kvart semester for heile semesteret og for kvar enkelt veke.

Sjå om lærings- og vurderingsmappe under Kva lærer du?

Obligatorisk arbeidskrav

Kandidaten skal i studiet bidra i den kliniske undervisninga av tannlege- og tannpleiarstudentar.

Det er arbeidskrav for emnet i form av presentasjonar av kasus og obligatoriske kliniske kurs, seminar og forelesingar.

Det er krav om 90 % deltaking ved rettleidd oralkirurgisk klinikk.  

Klinisk praksis og kursdeltaking vurderast med bestått/ikkje bestått. Bestått arbeidskrav er ein føresetnad for bestått emne/semester.

 

Adgang til undervisning

Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.

Eksamen

Slutteksamen avhaldast i 10. semester.

Eksamensspråk

Eksamens- og arbeidskrav skal leverast på norsk eller skandinavisk.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala bestått/ikkje bestått. Les meir om karakterskalaen.

Evaluering av emnet

Vi gjennomfører fortløpande evaluering av emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande evaluering.

Fakta om emnet

Studiepoeng
18
Undervisning
Annankvar vår frå 2023
Undervisningsspråk

Undervisningsspråk er skandinavisk eller engelsk.