OD8430 – Klinisk praksis og avdelingsbaserte kurs 3

Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

Emnet består av ulike avdelingsbaserte kurs og klinisk praksis. Delane blir arrangerte av fagavdelinga for oral kirurgi og oral medisin.

Emnet er obligatorisk.

Kva lærer du?

Emnet skal halda fram innføring i spesialistutdanninga i oral kirurgi og oral medisin. I dette semesteret vil ein vektleggja utvikling og vekst av kjevane, bitfysiologi, immunologi og odontogene cystar. Ein held fram med undersøking og behandling av pasientar med oralkirurgiske og oral medisinske tilstandar, kirurgi på barnepasientar og oral implantatbehandling. Ein held fram på spesialistarbeid.

Allmennrettet og vitskapleg forskingskommunikasjon.

Systematisk gjennomgang av forskingsprosjekt og publikasjonar.

Læringsmål

For kandidatar som tek emnet i 1. semester:

Kandidaten skal etter endt undervisning ha tileigna seg gode kunnskapar om

  • hodet og halsens anatomi
  • basal oral biologi, herunder saliva, tenner og tannberande strukturar, tyggeapparatet og nærliggjande strukturar, anatomi, fysiologi og patologi og kraniofacial utviklingsbiologi
  • normalanatomi og kunne skilje dette frå patologiske tilstandar
  • å dokumentere kliniske funn med fotografier
  • normal fysiologi og normale fysiologiske prosessar
  • farmakologi, inkludert medikamentbiverknader som kan ha konsekvensar for sjukdommar i munnhulen og medikament som kan påverke dei medikamenta vi brukar i vår behandling
  • normal tilheling etter kirurgisk behandling og skader
  • grunnleggjande kirurgiske teknikkar
  • kritisk vurdering av faglitteratur
  • kjemisk samansetning og kliniske eigenskapar til orale implantat

og ferdigheiter til å

  • vurdere pasientars generelle helse
  • identifisere indikasjonar og kontraindikasjonar for kirurgisk behandling
  • kommunisere med pasientar, pårørande og anna helsepersonell
  • stille diagnosar og foreslå behandling for dei vanlegaste oralkirurgiske sjukdommar
  • utføre oralkirurgiske inngrep under rettleiing som fjerning av røter og enklare visdomstenner
  • indikasjonar og kontraindikasjonar for orale implantat
  • behandle orale infeksjonar
  • føreskrive medikament til behandling av infeksjonar og smerte
  • behandle postoperative komplikasjonar
  • henvise for radiologiske og histopatologiske undersøkingar
  • kan kritisk vurdere faglitteratur

samt følgjande generelle kompetanse:

  • utveksle synspunkt og erfaringar med anna helsepersonell om oralkirurgiske problemstillingar
  • ha etisk akseptable holdningar til pasientbehandling, medarbeidarar og hjelpepersonell
  • kunne kritisk vurdere behandlingstiltak og gjere prognosebedømmingar i samsvar med oppnådd kunnskapsnivå
  • kunne formidle sentralt fagstoff om oralkirurgiske rutinar til anna helsepersonell inkludert mastergradsstudentar i helsefag.
  • kunne gje klinisk rettleiing til studenter 

For kandidatar som tek emnet i 3. semester:

Kandidaten skal etter endt undervisning ha tileigna seg gode kunnskapar om

  • å oppføre seg som profesjonell utøvar av spesialistområdet overfor pasientar og kollegaer
  • immunologiske prosessar, sjukdommar som er immunologisk fundert og behandling med medikament som påverkar inflammasjonsprosessen
  • erupsjon og erupsjonsforstyrrelser
  • hypodonti, hyperodonti
  • tannutviklingsforstyrringar
  • okklusjon og bitutvikling
  • betydning av immunologiske prosessar for utvikling av munnhòle og kjevesjukdommar
  • orofaciale muskel- og leddproblem
  • førekomst og sjukdomsutvikling ved retinerte tenner
  • spreiingsvegar for infeksjonar
  • slimhinnesjukdommar
  • vurdere pasientar for oral implantatbehandling og kjenne til prinsipp for implantatbehandling og beinerstatningar
  • naturlege tilhelingsprosesser etter kirurgiske inngrep og ved skadar

og ferdigheiter til å

  • vurdere laboratorietestar (mikrobiologi, hematologi, patologi)
  • i samarbeid med andre spesialistar greie ut og analysere bitt-/kjeveanomaliar og utføre korrektive kirurgiske inngrep på kjevar
  • diagnostisere malokklusjoner
  • diagnostisere og behandle pasientar med retinerte tenner
  • utføre kirurgisk behandling av orale implantat med rettleiing
  • diagnostisere og utføre konservativ behandling av ulike kjeveleddlidingar/sjukdommar
  • planleggje, gjennomføre, vurdere eigne forskingsprosjekt og framstille dette skriftleg og munnleg
  • diagnostisere og behandle oralmedisinske tilstandar med rettleiing

samt følgjande generelle kompetanse:

  • kunne utveksle synspunkt og erfaringar med anna helsepersonell om oralkirurgiske problemstillingar
  • kunne presentere fagfeltet for andre personellgrupper og publikum
  • kunne presentere problemstillingar rundt retinerte tenner og malokklusjoner på individ- og gruppenivå, inkl. anna helsepersonell

 

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar med opptak til spesialistprogrammet i oral kirurgi og oral medisin. Emnet kan ikkje takast som enkeltemne. Sjå òg om opptakskrav på programsida.

Forkunnskapar

Obligatoriske forkunnskapar

Ingen spesielle forkunnskapar for kandidatar på 1. semester ved spesialistutdanninga i oral kirurgi og oral medisin. Emnet byggjer vidare på kunnskapar og ferdigheiter frå 1. studieår for kandidatar på 3. semester i studieløpet.

Undervisning

Forelesingar, seminar og rettleidde klinisk oral kirurgisk og oralmedisinsk undersøking og behandling på IKO, UiO og Oslo Universitetssjukehus (Rikshospitalet og Ullevål).

Det er forventa at studentane førebur seg til undervisninga og gjer etterarbeid.

Detaljert timeplan blir utarbeidd før kvart semester for heile semesteret og for kvar enkelt veke.

Sjå om lærings- og vurderingsmappe under Kva lærer du?

Obligatorisk arbeidskrav

Kandidaten skal i studiet bidra i den kliniske undervisninga av tannlege- og tannpleiarstudentar.

Det er arbeidskrav for emnet i form av presentasjonar av kasus og obligatoriske kliniske kurs, seminar og forelesingar.

Det er krav om 90 % deltaking ved rettleidd oralkirurgisk klinikk.  

Klinisk praksis og kursdeltaking vurderast med bestått/ikkje bestått. Bestått arbeidskrav er ein føresetnad for bestått emne/semester.

 

Adgang til undervisning

Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.

Eksamen

Slutteksamen avhaldast i 10. semester.

Eksamensspråk

Eksamens- og arbeidskrav skal leverast på norsk eller skandinavisk.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala bestått/ikkje bestått. Les meir om karakterskalaen.

Evaluering av emnet

Vi gjennomfører fortløpande evaluering av emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande evaluering.

Fakta om emnet

Studiepoeng
26
Undervisning
Annankvar haust frå 2023
Undervisningsspråk

Undervisningsspråk er skandinavisk eller engelsk.