OD8480 – Klinisk praksis og avdelingsbaserte kurs 8

Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

Emnet består av ulike avdelingsbaserte kurs og klinisk praksis. Delane blir arrangerte av fagavdelinga for oral kirurgi og oral medisin i 8. semester.

Emnet er obligatorisk.

Kva lærer du?

Emnet skal halda fram spesialistutdanninga i oral kirurgi og oral medisin. I dette semesteret vil ein halda fram med rekonstruksjonar og korrektiv ansiktskirurgi, kjeveleddkirurgi og ØNH relatert diagnostikk og behandling.

Læringsmål

KUNNSKAPAR

  • kan dei vanlegaste ØNH sjukdommar og prosedyrar
  • kan moglegheiter og avgrensingar med rekonstruksjon av kjevar
  • kan moglegheiter og avgrensingar ved korrektiv ansiktskirurgi
  • kan prinsippa for kjeveleddkirurgi

FERDIGHEITER

Auka ferdigheiter som er opparbeidde i førre semester som:

  • evaluere pasientar og gi tilrådingar før rekonstruksjonar og korrektiv ansiktskirurgi
  • diagnostisere og foreslå behandling ved maxillofaciale avvik
  • diagnostisere og foreslå behandling ved rekonstruksjonar av hard- og bløtvev
  • oralkirurgisk og oral medisinsk diagnostikk og behandling
  • oral implantatbehandling med veiledning
  • utføre blautvevsplastikkar og kjevekamsoppbygging
  • diagnostisere, inkludert ta biopsi, og kirurgisk behandla benigne tumorar, under dette alle odontogene tumorar
  • inngå i tverrfaglege team for behandling av maligne tumorar i munn-hovud- og halsregionen med oppgåver knytt til reseksjon, rekonstruksjon og rehabilitering

GENERELL KOMPETANSE

  • kan gi etterutdanningskurs for alt tannhelsepersonell
  • kan gi teoretisk og praktisk rettleiing til studentar og spesialistkandidatar i oral kirurgi og oral medisin

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar med opptak til spesialistprogrammet i oral kirurgi og oral medisin. Emnet kan ikkje takast som enkeltemne. Sjå òg om opptakskrav på programsida.

Forkunnskapar

Obligatoriske forkunnskapar

Emnet byggjer vidare på emnet OD8470 ved spesialistutdanninga i oral kirurgi og oral medisin.

Undervisning

Forelesingar, seminar og rettleidde klinisk oral kirurgisk og oralmedisinsk undersøking og behandling på IKO, UiO og Oslo Universitetssjukehus (Rikshospitalet og Ullevål). Randteneste i medisinske fag ved sjukehus kan variera når det gjeld til tidspunkt i utdanninga.

Hospitering 2 månader ved ØNH avdeling.

Det er forventa at studentane førebur seg til undervisninga og gjer etterarbeid.

Detaljert timeplan blir utarbeidd før kvart semester for heile semesteret og for kvar enkelt veke.

Sjå om lærings- og vurderingsmappe under Kva lærer du?

Obligatorisk arbeidskrav

Kandidaten skal i studiet bidra i den kliniske undervisninga av tannlege- og tannpleiarstudentar.

Det er arbeidskrav for emnet i form av presentasjonar av kasus og obligatoriske kliniske kurs, seminar og forelesingar.

Det er krav om 90 % deltaking ved rettleidd oralkirurgisk klinikk.  

Klinisk praksis og kursdeltaking vurderast med bestått/ikkje bestått. Bestått arbeidskrav er ein føresetnad for bestått emne/semester.

Adgang til undervisning

Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.

Eksamen

Slutteksamen avhaldast i 10. semester.

Eksamensspråk

Eksamens- og arbeidskrav skal leverast på norsk eller skandinavisk.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala bestått/ikkje bestått. Les meir om karakterskalaen.

Evaluering av emnet

Vi gjennomfører fortløpande evaluering av emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande evaluering.

Fakta om emnet

Studiepoeng
30
Undervisning
Kvar vår
Undervisningsspråk

Undervisningsspråk er skandinavisk eller engelsk.