Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

Emnet består av ulike avdelingsbaserte kurs og klinisk praksis. Delane blir arrangerte av fagavdelinga for oral kirurgi og oral medisin i 10. semester.

Emnet er obligatorisk.

Spesialisteksamen i oral kirurgi og oral medisin blir gjennomført i 10. semester. Oppmelding føreset bestått klinisk praksis og dessutan innlevert og godkjent spesialistoppgave.

Kva lærer du?

Det er felles emnebeskriving for emna OD8490 og OD8495.

Emnet skal halda fram spesialistutdanninga i oral kirurgi og oral medisin. I 9. og 10. semester vil ein fokusera på oral- og maxillofacial diagnostikk og behandling på kjevekirurgisk avdeling på sjukehus.

Læringsmål

Læringsmåla i dette avsluttande emnet er dei same som for emnet OD8490.

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar med opptak til spesialistprogrammet i oral kirurgi og oral medisin. Emnet kan ikkje takast som enkeltemne. Sjå òg om opptakskrav på programsida.

Forkunnskapar

Obligatoriske forkunnskapar

Emnet byggjer vidare på emnet OD8490 ved spesialistutdanninga i oral kirurgi og oral medisin.

Undervisning

Forelesingar, seminar og rettleidde klinisk oral kirurgisk og oralmedisinsk undersøking og behandling på IKO, UiO og Oslo Universitetssjukehus (Rikshospitalet og Ullevål). Randteneste i medisinske fag ved sjukehus kan variera når det gjeld til tidspunkt i utdanninga.

Sjukehustenesta kan gå føre seg ved ein oral/kjevekirurgisk avdeling i Oslo eller ved eit anna sjukehus med oral/kjeve/maxillofacial kirurgisk avdeling i Noreg eller utanfor Noreg der UiO har utvekslingsavtale med.

Det er forventa at studentane førebur seg til undervisninga og gjer etterarbeid.

Detaljert timeplan blir utarbeidd før kvart semester for heile semesteret og for kvar enkelt veke. 

Sjå om lærings- og vurderingsmappe under Kva lærer du?

Obligatorisk arbeidskrav

Kandidaten skal i studiet bidra i den kliniske undervisninga av tannlege- og tannpleiarstudentar.

Klinisk praksis og kursdeltaking vurderast med bestått/ikkje bestått. Bestått arbeidskrav er ein føresetnad for bestått emne/semester.

Adgang til undervisning

Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.

Eksamen

Sjå om læringsmappe og vurderingsmappe under Evalueringsformer og eksamen.

Avsluttande praktisk, munnleg eksamen

Etter fullført utdanning tek du ein praktisk muntleg eksamen før du mottek vitnemål for gjennomført spesialiststudium. 

Søknad om framstilling til eksamen

Søknad frå fagavdelinga om at du skal få høve til å framstille deg for avsluttande eksamen, må vere fakultetet i hende seinast seks veker før eksamen. Med søknaden skal det følgje ei oversikt over:

  • klinisk verksemd (dokumenterte, behandla kasus)
  • kursbevis
  • klinisk vurderingsmappe for utført spesialistarbeid
  • melding frå vedkommande fagavdeling om at utdanninga blir rekna som fullført i samsvar med vedtekne krav. 

Fakultetet skal gi skriftleg melding til ein kandidat som ikkje kan få framstille seg til eksamen.

Eksamenskommisjon

Forslaget fagavdelinga har til eksamenskommisjon skal leggjast ved søknaden om framstilling til eksamen, med stadfesting på at sensor har sagt seg villig til å ta oppdraget. Dersom eksamen medfører utgifter til reiser, opphald m.m. som blir søkt dekt, må dette oppgivast i søknaden.

Eksamensspråk

Eksamens- og arbeidskrav skal leverast på norsk eller skandinavisk.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala bestått/ikkje bestått. Les meir om karakterskalaen.

Evaluering av emnet

Vi gjennomfører fortløpande evaluering av emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande evaluering.

Fakta om emnet

Studiepoeng
30
Undervisning
Kvar vår
Undervisningsspråk

Skandinavisk eller engelsk.