OD8630 – Klinisk praksis og avdelingsbaserte kurs 3

Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

Emnet består av ulike avdelingsbaserte kurs og klinisk praksis. Delane blir arrangerte av fagavdelinga for pedodonti.
Emnet er obligatorisk.

Avdelingsbaserte kurs og seminar følgjer ein 3-årig syklus. Dette betyr at kurs- og seminarporteføljen kan starte i det andre eller tredje året av syklusen, men at ein over ein 3-års periode vil ha fullført alle kurs og seminar i porteføljen.

Kva lærer du?

Hovudmålet er å gi spesialistkandidatar kunnskapar og ferdigheiter som er nødvendig for å kunne praktisere som spesialist i pedodonti. Spesialistar i pedodonti skal kunne ta hand om orale helseproblem i aldersgruppa 0-18 år som særleg kompliserte eller sjeldne pedodontiske kasus som blir vist frå tannlegar, pediatriske og barnepsykiatriske klinikkar eller andre instansar.

Spesialistkandidaten skal under rettleiing undersøkje, stille diagnose, utarbeide behandlingsplan på kort og lang sikt og behandle utvalde pasientar med spesielle pedodontiske og pediatriske problem, inklusive pasientar som har behov for behandling under sedasjon og generell anestesi.

Læringsmål

I dette semesteret er tema Kraniofacial utviklingsbiologi og tannutviklingsforstyrringar i fokus.

For kandidatar som tek emnet i 3. semester:

Kandidaten skal etter endt undervisning ha tileigna seg gode kunnskapar om

  • vekst og utvikling av ansikt, kjevar og tenner
  • ortodontiske problemstillingar
  • bevaring av bein og tidleg tap av tenners betydning for vekst

og ferdigheiter til å

  • greie ut og behandle pasientar med oralmotoriske problem
  • greie ut og behandle pasientar med temporomandibulære problemstillingar
  • kunne greie ut og behandle juvenil protetikk
  • kunne utarbeide behandlingsplan og behandle ulike typar tannutviklingsforstyrringar

For kandidatar som tek emnet i 1. semester:

I dette semesteret er barnet som tannbehandlingspasient i fokus.

Kandidaten skal etter endt undervisning ha tileigna seg gode kunnskapar om

  • utviklingsbiologi – fysisk, sosial og mental utvikling hos barn og unge
  • pasientkommunikasjon
  • angst, frykt, fobi – psykologisk ivaretaking (odontologisk psykologi)

og ferdigheiter til å

  • meistre bruk av tilvenning til tannbehandling
  • meistre smertekontroll ved tannbehandling
  • meistre behandling av pasientar under sedasjon og generell anestesi

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar med opptak til spesialistprogrammet i pedodonti. Emnet kan ikkje takast som enkeltemne. Sjå òg om opptakskrav på programsida.

Forkunnskapar

Obligatoriske forkunnskapar

Ingen spesielle forkunnskapar for kandidatar på 1. semester ved spesialistutdanninga i pedodonti. Emnet byggjer vidare på kunnskapar og ferdigheiter frå 1. studieår for kandidatar på 3. semester i studieløpet.

Undervisning

Spesialistprogrammet i odontologi er eit heiltidsstudium. Undervisninga går føre seg som kliniske seminar, gruppeundervisning, arbeidskurs og klinisk praksis.

Sjå om lærings- og vurderingsmappe under Kva lærer du?

Det er forventa at studentane førebur seg til undervisninga og gjer etterarbeid.

Den kliniske utdanninga inneber pasientbehandling både ved Avdeling for pedodonti og åtferdsfag og i Den offentlege tannhelsetenesta og dessutan ved TAKO-senteret, og skal gå føre seg kontinuerleg i alle tre studieår. I tillegg inngår klinisk rettleiing av studentar og teneste ved spesialinstitusjon eller hos spesialist.

Obligatorisk arbeidskrav

Kandidaten skal gjennom studiet bidra i den kliniske undervisninga av tannlege- og tannpleiarstudentar som føregår på avdelinga, både med formål om eigen klinisk læring og pedagogisk trening.

Alle kurs og seminar er obligatoriske. Klinisk praksis og kursdeltaking vurderast med bestått/ikkje bestått. Bestått arbeidskrav er ein føresetnad for bestått emne/semester.

Adgang til undervisning

Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.

Eksamen

Slutteksamen avhaldast i 6. semester.

 

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala bestått/ikkje bestått. Les meir om karakterskalaen.

Evaluering av emnet

Vi gjennomfører fortløpande evaluering av emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande evaluering.

Fakta om emnet

Studiepoeng
28
Undervisning
Kvar haust
Undervisningsspråk
Norsk