English version of this page

Nyheitsbrev frå UiO:Livsvitenskap januar 2020

Oslo Life Science-konferansen 10.–13. februar 2020​

Bli med når Oslo Life Science-konferansen har 5-årsjubileum! Fire dagar med arrangement om helseforsking, helsenæring, miljøforsking og berekraft for alle som er interessert i forsking, utdanning, innovasjon, næringsliv og politikk innan livsvitskap.

Konferansen er gratis og open for alle, men dei fleste arrangementa krev påmelding.

Meld deg på hovudarrangementet «Life sciences in the next decade» og mottakinga 10. februar

Bildet kan inneholde: person, ansikt, mennesker, ansiktsuttrykk, hode.

Vi ser inn i det neste tiåret. Kva kan livsvitskapen bringe oss i perioden 2020–2030? Kva blir rolla til kunstig intelligens? Korleis kan akademia, sjukehus og industri samarbeide om å utvikle berekraftige løysingar for ei betre verd? Kva rolle får det nye livsvitskapsbygget ved UiO, som står ferdig i 2024?

I regi av UiO:Livsvitenskap i samarbeid med Oslo Cancer Cluster, Oslo universitetssykehus, Legemiddelindustrien og Oslo kommune. Sponsor: Noregs forskingsråd.

Sjå programma og meld deg på mange andre spennande konferansearrangement om helse og miljø 11.–13. februar

Arrangement og workshopar primært for forskarar, inkludert studentar, stipendiatar og postdoktorar, og industri, men opne for alle

Bilder ulike arrangement studenter og elever

For studentar, stipendiatar og postdoktorar ved UiO og NMBU, barnehage og skular

Bilder ulike arrangement studenter og elever

For eit allment publikum på norsk

Bilder ulike arrangement allmennhet

For alle

Kom på avslutningsarrangementet «Lysvandring med glimt av livsvitskap ved UiO» om kvelden 13. februar

Vi inviterer små og store til lysvandring på Norsk Teknisk Museum for å få eit glimt av livsvitskap ved UiO. Det er gratis å kome inn på museet under arrangementet. Vi set opp stasjonar med aktivitetar lagt opp som ei lysvandring med ein quiz. Du får møte forskarar og studentar frå medisin, biovitskap, farmasi, fysikk, psykologi og kjemi i tillegg til desse tre søte robotane.

Inga påmelding, men vis gjerne interesse for arrangementet på Facebook.

I regi av UiO:Livsvitenskap, Det medisinske fakultet, Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, Institutt for biovitskap, Kjemisk institutt, Farmasøytisk institutt, Fysisk institutt, Det odontologiske fakultet, Det samfunnsvitskaplege fakultet, Psykologisk institutt og RITMO i samarbeid med Teknisk museum.

Få med deg utstillinga NanoCosmos 11.–16. februar

Bildet kan inneholde: vann, violet, oransje, purple, rosa.

Utstilling av slåande mikroskopibilde frå forskarar i konvergensmiljøet Programming Cell-Like Compartments. Dei gir deg eit blikk inn i nanoverda – eit «Wunderkammer» – der vitskap blir kunst.  Les meir om utstillinga .

I regi av konvergensmiljøet Programmable Cell-like Compartments. Kuratert og utstilt av Kunstplass Contemporary Art.
 

Vi håpar å sjå deg på konferansen!
Besøk konferansenettsida uio.no/oslolifescience.

Symbol UiO:Livsvitenskap
Meld deg på nyheitsbrevet.

Følg UiO:Livsvitenskap på Twitter.

Personvernerklæring UiO:Livsvitenskaps nyheitsbrev.

Av Norunn K. Torheim
Publisert 17. jan. 2020 09:19 - Sist endra 2. aug. 2023 09:36