Kva er livsvitskap?

Livsvitskap er ein tverrfagleg vitskap som gir nye og avanserte svar på det gamle spørsmålet om kva liv er og kva aldring og sjukdom er.

Faga som bidreg inn i livsvitskap.

Innan livsvitskap treng ein kunnskap frå ei rekke ulike fag. Fag som medisin, kjemi, fysikk, farmasi, biologi, matematikk og informatikk kjem saman og skaper heilt nye moglegheiter.

Innan livsvitskapen studerer forskarar oppbygging, struktur og funksjon av levande organismar. Slik får vi auka innsikt i grunnleggande prosessar. Det har betyding for ei rekke område i samfunnet, for eksempel handtering av antibiotikaresistens; aldringsprosessar som demens; og førebygging og behandling av sjukdom som ulike kreftformer. Det har òg betyding for marine næringar, mattryggleik, jordbruk og husdyr og grøn industri.

Studentar som deltok på iGEM 2014
Studentar frå UiO deltok i den internasjonale forskingskonkurransen iGEM i 2014. Frå venstre: William Brynildsen, Sumaya Yusuf, Eline Melteig, Stian Lågstad, Vilde Olsson og Håkon Høgset (Foto: Terje Heiestad, UiO).

Vitskapleg revolusjon

Livsvitskapen gir oss ny kunnskap fordi vi kombinerer det beste frå fag som medisin og biologi med nye avanserte analysemetodar frå fag som matematikk, kjemi, farmasi, fysikk og informatikk. Vi kan derfor seie at vi står framfor ein ny vitskapleg revolusjon. Vi bruker òg samfunnsvitskaplege og humanistiske fag for å forstå livsvitskap i eit heilskapleg samfunnsperspektiv.

Den internasjonale forskingskonkurransen International Genetically Engineered Machine (iGEM) er eit godt eksempel på korleis ulike fagmiljø kan jobbe saman og utvikle nye løysingar. Her deltok studentar frå UiO i 2014.

Kva betyr livsvitskap for deg og samfunnet?

Livsvitskapen gir ny innsikt som blant anna gir betre metodar for å diagnostisere, førebygge og behandle sjukdomar. Det gjer blant anna at sjansen for å bli frisk dersom du blir ramma av sjukdom, aukar. 

Livsvitskap gir òg ny innsikt som bidreg til å løyse globale miljøutfordringar.

Livsvitskapen er grunnlaget for ny næring for Noreg og omstilling til ein grønare økonomi med nye produkt, tenester og arbeidsplassar som kjem samfunnet til gode, spesielt innan helsesektoren.

Publisert 25. mars 2015 08:43 - Sist endra 19. mai 2016 16:39