Kven eig Karasjok?

Den 31. mai 2024 sa Høgsterett dom om at befolkninga i Karasjok ikkje er kollektiv eigar av grunnen i kommunen. Kva er det historiske bakteppet, kva var dei juridiske spørsmåla og korleis vart dei løyst?

Bildet kan inneholde: dekk, himmel, snø, hjul, kjøretøy.

Foto: Heiko Junge / NTB

Høgsterett har no handsama spørsmålet om kven som eig mest all grunnen i den nest største kommunen i Noreg. Karasjok-saka er del av det store komplekset knytt til retten til land og vatn i Finnmark, og eit resultat av Finnmarkslova og Finnmarkskommisjonens kartlegging av bruks- og eigedomsrett.

Høgsterett var sett i storkammer. Det vil seie at saka vart vurdert å vera særleg viktig, og at Høgsterett var sett med 11 dommar. Med eit fleirtal på seks dommarar sa Høgsterett dom om at eigedomsretten til grunnen i Karasjok kommune ikkje ligg kollektivt til befolkninga i kommunen. Samstundes vart dommen frå særdomstolen Utmarksdomstolen for Finnmark oppheva. Eit mindretal på fem dommarar stemte for at heile lokalbefolkninga hadde kollektiv eigedomsrett.

Saka har reist mange viktige spørsmål. Avgjerda vil kunne få mykje å seie for personar og verksemder i Finnmark, og for Finnmarkslova. På seminaret vil forskarar gjere greie for og ha samtale om dei juridiske spørsmåla i saka, medrekna om kvifor det vart dissens og dei nye spørsmåla som fylgjer av at dommen frå utmarsdomstolen vart oppheva. Forskarane vil også sjå på det historiske bakteppet som gjorde at spørsmålet om eigedomsrett enda i Høgsterett, og likskapar og skilnader frå omstenda andre stader i Noreg.

Det har vore tre partsgrupperingar i saka:

  • Finnmarkseiendommen/Finnmárkkuopmodat (FeFo) forvaltar grunn i Finnmark som Statskog SF tidlegare hadde grunnboksheimel eller var eigar til, og gjorde gjeldande eigedomsrett på grunnlag av statens sine historiske rettar til grunnen i Finnmark. Mahkaravju-Magerøy siida var partshjelpar for FeFo.
  • Kárášjoga Sámiid Searvi/Karasjok Sameforening, Kárášjoga Gielda/Karasjok kommune, grendelag og privatpersonar har gjort gjeldande at lokalbefolkninga i Karasjok har kollektiv eigedomsrett til arealet, mellom anna på grunnlag av befolkninga sin bruk i alders tid.
  • «Guttormgruppen» består av Reinbeitedistrikta 13 og 16 og privatpersonar, og har gjort gjeldande at eigedomsretten ligg til den samiske delen av lokalbefolkninga. Også Guttormgruppen har gjort gjeldande bruk i alders tid.

Finnmarkskommisjonen fann, under dissens, at den samla befolkninga i Karasjok har kollektiv eigedomsrett til arealet. Likeins konkluderte Utmarksdomstolen for Finnmark  at eigedomsretten «ligger kollektivt til alle som til enhver tid har registrert bostedsadresse i Kárášjoga gielda/ Karasjok kommune, og slik at disse har lik andel i retten». Eit mindretal meinte eigedomsretten låg til FeFo. Saka vart anka til Høgsterett av FeFo, som der vart frifunne for kravet om eigedomsrett.

Program

14.00

  • Velkommen og kort introduksjon, ved stipendiat Marit Heier Lajord, IFP, UiO
  • Karasjok-saka sett frå Akersgata, ved Astrid Meland, VG
  • Høgsterett og tingsretten, ved professor Geir Stenseth, IFP, UiO
  • Høgsterett og folkeretten, ved professor emeritus Geir Ulfstein, IOR, UiO

15.10-15.25

Pause

15.25-17.30

  • Høgsterett som historikarar, ved førsteamanuensis Morten Nadim, IOR, UiO
  • Karasjok-saka og fornorsking, ved professor emerita Kirsti Strøm Bull, IFP, UiO
  • Anerkjennelse av samiske landrettigheter, ved Aila Biret Henriksen Selfors, UiT
  • Samepolitisk utvikling: gjennom reform eller rettssal?, ved Mikkel Berg-Nordlie, NIBR, OsloMet

Panelsamtale og avslutning. Det vert mogleg å stille spørsmål frå salen.

Delta

Arrangementet er gratis og opent for alle. Meld deg på via lenkja under.

Gå til påmelding

Du kan òg følgje arrangementet via strøyming. Strøyminga startar ved arrangementets start.

Velkommen!

Tilrettelegging ved besøk

Hvis du trenger heis eller annen form for tilrettelegging når du besøker oss, ring dette nummeret: 90 13 17 55.

Om Domus Bibliotheca

Domus Bibliotheca er Universitetets i Oslos dialog- og formidlingsarena. Her kan du delta på debatter, samtaler og høre spennende foredrag. Domus Bibliotheca ligger på Universitetsplassen i Oslo sentrum. Her ligger det tre, vakre, gamle bygninger, og Domus Bibliotheca er bygget til venstre.

Nysgjerrig på hva som skjer hos oss? Følg Universitetsplassen - UiO på Facebook for spennende oppdateringer.

Se fullt program for Domus Bibliotheca
Publisert 21. mai 2024 12:37 - Sist endret 9. juli 2026 13:00