Panoramaseminaret 2023

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) og Universitetet i Oslo invitere til Panoramaseminaret 2023. 

Bilde av Universitets aula fra utsiden

Panoramaseminaret tek for seg moglegheiter og utfordringar i akademisk samarbeid med landa som er omfatta av Panoramastrategien: Canada, Brasil, India, Japan, Kina, Russland, Sør-Afrika, Sør-Korea og USA.

Seminaret blir ein viktig møteplass for norske fagmiljø og institusjonar som samarbeidar med desse landa innan utdanning, forsking og næringsliv.

Den overordna tematikken for Panoramaseminaret 2023 er korleis geopolitiske endringar utfordrar rammene og føresetnadene for internasjonalt kunnskapssamarbeid.

I tillegg til ulike sesjonar som tar for seg internasjonalt samarbeid med desse landa, vil seminaret vere ein arena for å dele erfaringar og å bygge nettverk.

Målgruppa for seminaret er:

  • vitskapleg og administrativt tilsette involvert i kunnskapssamarbeid og prosjekt med land omfatta av Panoramastrategien
  • relevant leiing ved norske universitet og høgskular

Programmet er utvikla i samarbeid med representantar frå Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen, Nord universitet, VID vitskaplege høgskule, Universitetet i Sørøst-Norge og Innovasjon Norge.

Cecilie Hellestveit (Folkerettsinstituttet), Gunnar Skirbekk (Universitet i Bergen) og Torkjell Leira (Kunnskaps- og teknologiutsending til Brasil) er mellom dei som vil halde innlegg.

Det vil bli sesjonar om studiemobilitet til Panoramalanda, ansvarleg internasjonalt samarbeid, nordområda, kopling forsking, utdanning og næringsliv, COIL og digitalt internasjonalt samarbeid, administrasjon av prosjektsamarbeid, og dessutan landssesjonar der ein kan diskutere landsspesifikke problemstillingar og utfordringar.

Viktig informasjon

  • Seminaret vil finna stad i Universitets aula i Oslo
  • Pris for å delta fysisk begge dagar: kr 1500.
  • Pris for å delta fysisk berre ein av dagane: kr 750.
  • Plenumssesjonane vil bli strøyma.

Påmeldings- og avmeldingsfrist:

  • Påmeldingsfrist: 1. september
  • Avmeldingsfrist: 4. september

Sjå meir informasjon om program og påmelding

Strøyming av arrangementet

Her kan du følgje Panoramaseminaret 2023 på nett:

Publisert 14. juni 2023 05:46 - Sist endra 9. des. 2023 05:26