Erklæring om personvern for nyheitsbreva til UiO

UiO er opptatt av personvern og av å følge gjeldande personvernreglar for nyheitsbrev. Vi har oppdatert rutinane våre slik at dei følger dei nye personvernreglane.

Samtykke og avmelding

Du får nyheitsbrev frå oss fordi du har samtykka i å få dette. Du kan når som helst trekkje tilbake samtykket ditt. Då slettar vi e-postadressa di.

Viss du ikkje vil halde fram med å ta i mot nyheitsbrevet vårt oppfordrar vi deg til å melde deg av med å sende ein e-post til e-postadressa du finn i nyheitsbrevet.

Personvernsider og personvernombod på UiO

Vi har eit personvernombod på UIO som du kan komme i kontakt med ved å sende epost til personvernombudet@uio.no.

Vi har også eigne nettsider om personvern på Universitetet i Oslo.

Personopplysningar som vert behandla i tenesta

Dine personopplysningar vert, i tillegg til av oss, behandla av Sympa. Dei leverer den tekniske løysinga for nyheitsbrevet vårt. Personopplysningar som vert behandla er e-postadressa di.

Dine personopplysningar vert lagra heilt til du trekker samtykket ditt.

Meir om Sympa

E-postlistesystemet som UiO bruker heiter Sympa (Systeme de Multi-Postage Automatique). Sympa er basert på open kjeldekode og fritt tilgjengeleg (under GNU GPL-lisens) og vert mellom anna støtta av CRU (Comité Réseaux des Universités / Universities Networking Committee). 

Klage til Datatilsynet

Du kan fremme ei klage til Datatilsynet viss du meiner at personvernet ditt er krenkt.

Gjenbruk av informasjon

Vi skal ikkje gjenbruke e-postadressa di til andre e-postlister.

Om dette skulle verte aktuelt kjem vi til å ta kontakt for å be om nytt samtykke til å føre opp epostadressa di på ei anna liste.

 

Publisert 31. aug. 2018 14:02 - Sist endra 23. mars 2021 11:32