
Fridtjof Nansen var professor i zoologi og seinare oseanografi ved universitetet. Han fekk Nobels fredspris i 1922 for sitt humanitære og fredsskapande arbeid som generalsekretær i Folkeforbundet.
Fem nobelprisvinnarar har vore tilsette ved Universitetet i Oslo. Den svenske nobelstiftinga reknar offisielt UiO som vertskapsinstitusjon for tre av desse prisane.
Fridtjof Nansen var professor i zoologi og seinare oseanografi ved universitetet. Han fekk Nobels fredspris i 1922 for sitt humanitære og fredsskapande arbeid som generalsekretær i Folkeforbundet.
Professor Ragnar Frisch grunnla Sosialøkonomisk institutt ved UiO i 1932. Ei rekkje banebrytande arbeid gjorde at han ble fekk Nobels minnepris i økonomi i 1969.
Odd Hassel fekk i 1969 Nobelprisen i kjemi saman med Sir Derek H.R. Barton. Dei to fekk prisen for pionerarbeidet dei hadde gjort på struktur og konformasjon i organiske molekylar.
I 1973 fekk Ivar Giæver (1929-) Nobelprisen i fysikk for forsking han hadde gjort ved General Electric i USA. I 1989 vart han Vista-professor ved Universitetet i Oslo. Giæver er også æresdoktor ved UiO.
Haavelmo fekk Nobels minnepris i økonomi i 1989. Han fekk prisen for sitt viktige bidrag til økonometrien.