Fagspesifikke karakteromtalar nordisk

(Revidert av Programrådet for Nordiske studium 9. februar 2017, med utgangspunkt i karakteromtalane vedteke av Nasjonalt fagråd for nordisk språk og litteratur, 2004)

Generelt

For nordiskfaget er det gitt generelle kvalitative omtalar av verdien av bokstavkarakterskalaen samla for dei tre nivåa: basisnivå, fordjupingsnivå og masternivå. Masteroppgåva får ein eigen omtale. På alle nivåa i nordiskfaget er det tre hovudaspekt som skal målast ved eksamen

  • kunnskapsinnhaldet
  • evne til problemløysing og kritisk innsikt i fagstoffet
  • språkføring

Til eksamen vil det generelt vere slik at alvorleg svikt på eitt av desse overgripande punkta vil føre til stryk, same kor godt dei andre aspekta er meistra.

Basisnivå, fordjupingsnivå og masternivå

Karakter og presisering av kriterium:

A – Framifrå

Framifrå innsikt i det kunnskapsinnhaldet som er definert for fagnivået. Tilsvarande evne til sjølvstendig, kritisk vurdering og problemløysing. Sikker og formelt korrekt språkføring.

B – Mykje god

Svært god innsikt i kunnskapsinnhaldet som er definert for fagnivået. Tilsvarande evne til sjølvstendig, kritisk vurdering og problemløysing. God og formelt sikker språkføring utan vesentlege feil.

C – God

God innsikt i kunnskapsinnhaldet som er definert for fagnivået. Tilsvarande evne til vurdering og problemløysing. God og formelt sikker språkføring utan alvorlege systemfeil.

D – Nokså god

Nokså god innsikt i kunnskapsinnhaldet som er definert for fagnivået. Tilsvarande evne til kritisk vurdering og problemløysing. Nokså sikker og formelt bra språkføring utan alvorlege systemfeil.

E – Tilstrekkeleg

Eit visst kunnskapsnivå i høve til det som er definert for fagnivået. Lita evne til vurdering og problemløysing. Noko ustø språkføring med innslag av systemfeil. 

F – Ikkje greidd

Tilfredsstiller ikkje minimumskrava til det kunnskapsnivået som er definert for fagnivået. Manglande evne til kritisk vurdering og problemløysing. Ustø språkføring med fleire innslag av systemfeil. Å ikkje svare på ei obligatorisk oppgåve til eksamen vil normalt gi karakteren F.


Masteroppgåve

Karakter og presisering av kriterium:

A – Framifrå

Oppgåva oppfyller svært høge krav til problemstilling og til vitskapleg handsaming av emnet. Ho viser eit svært høgt kunnskapsnivå, er prega av teoretisk innsikt og har eit svært sikkert metodisk grep. Oppgåva er prega av overtydande sjølvstendig argumentasjon og er klårt og systematisk strukturert. Ho plasserer seg klårt og  framifrå i forskingstradisjonen og gir nye bidrag til forskinga. Språkføringa er svært sikker og formuleringsevna framifrå, og det formelle vitskaplege apparatet  som disiplinen krev, er brukt på korrekt vis.

B – Mykje god

Oppgåva oppfyller høge krav til problemstilling og til vitskapleg handsaming av emnet. Ho viser eit høgt kunnskapsnivå, er prega av teoretisk innsikt og har eit sikkert metodisk grep. Oppgåva har ein klår og sjølvstendig argumentasjon og er systematisk strukturert. Ho plasserer seg sjølvstendig i forskingstradisjonen og gir nye bidrag til forskinga. Språkføringa er sikker og formuleringsevna god, og det formelle vitskaplege apparatet  som disiplinen krev, er brukt tilnærma korrekt.

C – God

Oppgåva oppfyller grunnleggjande krav til problemstilling og vitskapleg handsaming av emnet. Oppgåva viser eit rimeleg høgt kunnskapsnivå, er prega av god teoretisk innsikt og har eit  godt metodisk grep. Oppgåva har ein klår argumentasjon og er nokså systematisk strukturert. Ho plasserer seg nokolunde sjølvstendig i forhold til forskingstradisjonen. Språkføring og formuleringsevne er bra, og det formelle vitskaplege apparatet  som disiplinen krev, er brukt nokolunde bra.

D – Nokså god

Oppgåva har manglar med omsyn til problemstilling og vitskapleg handsaming av emnet. Ho viser eit visst kunnskapsnivå, det metodiske grepet er litt usikkert og forholdet til forskingstradisjonen lite sjølvstendig. Oppgåva har veikskapar både når det gjeld abstraksjonsnivå, argumentasjon og systematikk i oppbygginga. Språkføringa og formuleringsevna er litt usikker, og det formelle vitskaplege apparatet som disiplinen krev, er ikkje brukt fullt ut.

E – Tilstrekkeleg

Oppgåva har store manglar med omsyn til problemstilling og vitskapleg handsaming av emnet. Ho tilfredsstiller minimumskrav til bruk av kjelder og sekundærlitteratur, men er prega av eit lågt kunnskaps- og argumentasjonsnivå og av eit usjølvstendig forhold til forskingstradisjonen. Den teoretiske innsikta er mangelfull og det metodiske grepet usikkert. Evna til argumentasjon og til systematisk oppbygging er klårt mangelfull. Språkføringa og formuleringsevna er usikker, og oppgåva tilfredsstiller berre minimumskrav til det formelle vitskaplege apparatet som disiplinen krev.

F – Ikkje greidd

Oppgåva oppfyller ikkje dei minimumskrava som blir stilt til problemformulering, teoretisk refleksjon, metodisk grep, argumentasjon, struktur og språkleg framstillingsevne.

Publisert 13. mars 2017 15:59 - Sist endret 13. mars 2017 15:59