English version of this page

Sensorrettleiingar

UiO har innført sensorrettleiingar på alle eksamenar, både skriftlege, munnlege og praktiske, frå hausten 2018. Sensorrettleiingane blir vanlegvis tilgjengelege etter eksamen.

Kva er formålet med ei sensorrettleiing?

Sensorrettleiingane gir informasjon om retningslinjene for sensuren på kvar eksamen. Den er først og fremst meint for sensorane som skal vurdere eksamenssvara, men vil vere nyttig også for deg som har avlagt eksamen.

Sensorrettleiingane skal bidra til:

  • betre samanheng mellom program, emne, eksamensoppgåver og sensur.
  • kvalitetssikring av sensuren og nivået mellom dei ulike sensorane.
  • informasjon til kandidatane om sensuren og vurderingskriteria.

Korleis blir sensorrettleiingane utforma?

Sensorrettleiingar blir tilpassa den aktuelle eksamenen og kan vere ulikt utforma:

  • Generelle sensorrettleiingar - til dømes for masteroppgåver og større semesteroppgåver.
  • Spesifikke sensorrettleiingar ("fasit") - til dømes for eksamenar med konkrete svaralternativ.
  • Kombinasjonar av generelle og spesifikke sensorrettleiingar - til dømes for tekstoppgåver og langsvaroppgåver.

Sensorrettleiingane må lesast saman med omtalane av kvart trinn i karakterskalaen. Det finst både generelle beskrivelsar som er felles for alle og fagspesifikke beskrivelsar som gjeld einskilde fag.

Når får du tilgang til sensorrettleiinga di?

Sensorrettleiingar blir tilgjengelege seinast når den ordinære sensuren er avslutta.

Kvar finn du sensorrettleiinga?

Sensorrettleiingane er tilgjengelege saman med tidlegare eksamensoppgåver på emnesidene, eller frå instituttet ditt.

Spørsmål?

Kontakt studentinfosenteret på fakultetet ditt.

 

Publisert 18. des. 2018 15:58 - Sist endret 25. jan. 2019 10:26