Kort om emnet

Framvoksteren av ein særleg litteratur på nynorsk frå Ivar Aaasen til år 2000, med vekt på lesnad av sentrale orginale tekstar i ulike sjangrar frå Aasen, via Vinje, Sivle, Garborg, Aukrust, Duun, Uppdal, Vesaas til Lunden, Fløgstad, Økland, Fosse. Både lyrikk, essayistikk, forteljande dikting og dramatikk skal vera representert. I emnet inngår også studium av særlege delinstitusjonar knytte til det nynorske feltet (forlag, tidsskrift, salmer, Bibel, omsetjingar av klassisk litteratur, t.d. Homér, Dante, Boccaccio, Shakespeare). NB! Emnet blir revidert medio januar 2003.

Kva lærer du?

Som ein del av nordiskstudiet skal studentane tileigna seg særleg kunnskap om nynorsk litteratur og om særlege institusjonar (delinstitusjonar) knytte til det nynorske feltet.

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

Forkunnskapar

Obligatoriske forkunnskapar

Emnet føreset LIT2000.

Anbefalte forkunnskapar

Allmenn historisk innsikt og interesse, god språkleg kompetanse

Undervisning

Kombinasjon forelesingar/seminar 2 timar pr veke i 10 veker. Dessutan organisert forskingsrelatert arbeid med originalkjelder på bibliotek og i forlag. Studentane må vera aktivt med, med førebudde innlegg om tekstar og litteraturhistoriske emne - og dei vil bli oppmoda til studium på upløygd mark.

Eksamen

To oppgåver undervegs (à ca 3000 ord). Dei to oppgåvene må vere godkjende av faglærar før studenten kan framstelle seg til eksamen. Skuleeksamen, 6 timar. Skriftlege arbeid bør vera på nynorsk. Arbeidet blir vurdert av faglærar og internt oppnemnd sensor. Det blir nytta bokstavkarakterar.

Fakta om emnet

Studiepoeng
10
Undervisning

Foreløpig åpent

Eksamen

Foreløpig åpent

Undervisningsspråk

Skandinavisk (norsk, svensk og/eller dansk)