Dette emnet er nedlagt

NOR4313 – Norsk litteraturforskings historie

Timeplan, pensum og eksamensdato

Velg semester

Kort om emnet

Emnet gjev ei viss innsikt i forskingstradisjonar innan norsk litteraturforsking. Det inkluderer forskingsarbeid frå ulike epokar og demonstrerer såleis ulike tilnærmingar til forskingsfeltet nordisk litteratur gjennom eit lenger tidsrom. Både avhandlingar og stuttare artiklar bør vera studieobjekt; det er sjølvsagt at studentane også må kjenna til det som er grunnlaget for forskarens arbeid, anten det er tekst eller litteraturhistoriske samanhengar. Pensum består av eit fast kjernepensum og eit pensum som kan variere frå gong til gong, i alt ca 700 sider.

Hva lærer du?

Emnet er sentralt som allmenn kompetansegjevar for alle som satsar på eit masterstudium i nordisk litteratur.

Opptak og adgangsregulering

Studenter må hvert semester søke og få plass på undervisningen og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikke allerede har studieplass ved UiO, kan du søke opptak til våre studieprogrammer, eller søke om å bli enkeltemnestudent.

Forkunnskaper

Obligatoriske forkunnskaper

Opptak til masterstudiet i Litteraturprogrammet, studieretning for nordisk, særleg norsk, litteraturvitskap. Emnet NOR4300 Faghistorisk innføring i nordisk, særlig norsk, litteraturvitskap bør vere avlagt først

Undervisning

Seminar med 2 undervisningstimar i veka og innlagde leseveker, i alt 15 veker. Undervisninga er basert på at studentane deltar aktivt. Kvar student legg fram éi kortare øvingsoppgave (ca 5 sider - 12 000 teikn), skriftleg eller munnleg, undervegs i seminaret. Oppgåva må vere godkjend av faglæraren før studenten kan gå opp til eksamen.

Eksamen

Munnleg eksamen ved faglærar og internt oppnemnd sensor. Gradert karakterskala blir brukt.

Eksamen må takast i undervisningssemesteret. Det blir ikkje arrangert eksamen i emnet i haustsemestera.

Fakta om emnet

Studiepoeng

10

Undervisningsspråk

Skandinavisk (norsk, svensk og/eller dansk)