Dette emnet er nedlagt

ENG4314 – The Fiction and Poetry of Thomas Hardy

Kort om emnet

Emnet gir ei innføring i eit representativt utval noveller, romanar og dikt av Thomas Hardy, ein nøkkelfigur i britisk litteratur i overgangen frå den seine Victoria-tida til modernismen. Emnet vil vere tekstorientert, og det vil vektleggje både narrativ og metaforisk struktur og den tematikken som denne strukturen bidrar til å utforme og dramatisere. Emnet vil også fokusere på Hardys biografiske og kulturelle kontekst, og på forholdet mellom genrane fiksjonsprosa og poesi i den samla litteraturen Hardy skreiv. To filmadaptasjonar av romanene vil også verte diskuterte.

Kva lærer du?

Å tileigne seg gode kunnskapar om Hardy-tekstane som inngår i emnet. Å utvikle evne til å diskutere og analysere narrative fiksjonstekstar og dikt ved hjelp av relevant litteraturteori. Å lære å lese og tolke Hardys tekstar i lys av den sosiale, politiske og kulturelle konteksten dei inngår i.

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

Minimum 3 og maksimum 10 studentar

Forkunnskapar

Obligatoriske forkunnskapar

For studentar utanfor litteraturprogrammet vert det kravd at ein har minst 20 sp engelskspråkleg litteratur, engelsk språk eller kulturkunnskap.

Undervisning

Eit dobbelttimeseminar i veka gjennom semesteret. Midt i semesteret er det lagt inn ein undervisningsfri periode (haustsemesteret: 1 veke, vårsemesteret: 2 veker) som skal brukast til sjølvstudium og oppgaveskriving. Det føresettes at studentane tar del i undervisninga.

Eksamen

Studenten vil gi ein munnleg presentasjon (godkjent/ikkje godkjent) og utarbeide ein skriftleg seminaroppgåve på 10 standardsider. (Denne oppgåva vil seinare kunne danne eit utgangspunkt for masteroppgåva.) Oppgåva vert karaktersett etter ein gradert skala fra A til E for godkjent og F for ikkje godkjent.

Anna

Med eit noko utvida pensum vil emnet telje 15 studiepoeng i gammal studieordning.

Fakta om emnet

Studiepoeng

10

Undervisning

Vert annonsert minst eitt år i forkant.

Eksamen

Vert annonsert minst eitt år i forkant.

Undervisningsspråk

Engelsk