Dette emnet er nedlagt

ENG4317 – Virginia Woolf: Fiction and Essays

Kort om emnet

Emnet gir ei innføring i dei viktigste romanane til Virginia Woolf, ein hovedrepresentant for britisk (og europeisk) modernistisk litteratur. Emnet vil vere tekstorientert, og det vil vektleggje både narrativ og metaforisk struktur og den tematikken som denne strukturen bidrar til å utforme, intensivere og dramatisere. Emnet vil også fokusere på Woolfs essayistikk, på idéane hennar om kjønn og klasse, og på denne forfattarens avgjerande bidrag til feministisk litteraturteori (og, som inspirasjon og referansepunkt, også til litteratur forfatta av kvinner i perioden etter modernismen).

Kva lærer du?

Å tileigne seg gode kunnskapar om Woolf-tekstane som inngår i emnet. Å utvikle evne til å diskutere og analysere narrative fiksjonstekstar og essay ved hjelp av relevant litteraturteori. Å lære å lese og tolke Woolfs tekstar i lys av den sosiale, politiske og kulturelle konteksten dei inngår i.

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

Minimum 3 og maksimum 10 studentar.

Forkunnskapar

Obligatoriske forkunnskapar

For studentar utanfor litteraturprogrammet vert det kravd at ein har minst 20 sp engelskspråkleg litteratur, engelsk språk eller kulturkunnskap.

Undervisning

Eit dobbelttimeseminar i veka gjennom semesteret. Midt i semesteret er det lagt inn ein undervisningsfri periode (haustsemesteret: 1 veke, vårsemesteret: 2 veker) som skal brukast til sjølvstudium og oppgaveskriving. Det føresettes at studentane tar del i undervisninga.

Eksamen

Studenten vil gi ein munnleg presentasjon (godkjent/ikkje godkjent) og utarbeide ein skriftleg seminaroppgåve på 10 standardsider. (Denne oppgåva vil seinare kunne danne eit utgangspunkt for masteroppgåva.) Oppgåva vert karaktersett etter ein gradert skala fra A til E for godkjent og F for ikkje godkjent.

Anna

Med et noe utvidet pensum vil emnet telle 15 studiepoeng i gammel studieordning.

Fakta om emnet

Studiepoeng

10

Nivå

Master

Undervisning

Emnet har fått ny kode; ENG4451 – Virginia Woolf: Fiction and Essays (nedlagt)

Eksamen

Undervisningsspråk

Engelsk