Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

Kurs i italiensk fonologi som legg hovudvekta på artikulatorisk fonetikk. Kurset tek utgangspunkt i standard italiensk uttale, men gjev òg ei innføring i dei viktigaste regionale uttalevariantane og tek dermed opp sosiolingvistiske aspekt.

Kva lærer du?

Oppøving i standard italiensk uttale, fonetisk transkripsjon og innsikt i dei viktigaste regionale uttalevariantane.

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

Forkunnskapar

Obligatoriske forkunnskapar

Generell studiekompetanse.

Anbefalte forkunnskapar

Italiensk semesteremne eller tilsvarande.

Undervisning

Kurset går i 12 veker med ein dobbelttime i veka.

Eksamen

Innlevering av minst 2 fonetiske transkripsjonar; av desse ein transkripsjon i 10. veka som skal godkjennast av faglærer. 1 munnleg prøve på ca. 20 min. med bokstavkarakter.

Fakta om emnet

Studiepoeng
5
Nivå
Bachelor
Undervisning

Dette emnet er lagt ned og erstattet av ITA2107 Italiensk fonologi og dialektologi 10 sp f.o.m. våren 2007.

Eksamen

Haust 2003

Undervisningsspråk

Italiensk