ITA4313 – Italiensk skjønnlitteratur frå det 20. århundre

Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

Gjennomgang av desse romanane:

Calvino: Marcovaldo, utvalde noveller

Svevo: Senilità

Ignazio Silone: Fontamara

Cesare Pavese: La casa in collina

Kva lærer du?

Fordjupning og kritisk lesing i utvalde problemstillingar og forfatterskap i det 20. århundre etter samråd med faglærar.

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

Forkunnskapar

Obligatoriske forkunnskapar

Minst 30 studiepoeng med italienskstudium eller ulike kombinasjonar av litterære og historiske studium.

Anbefalte forkunnskapar

Lesedugleik i italiensk.

Undervisning

Kurset går i haustsemesteret i 14 veker, fordelt på 1 dobbelttime i veka. 2 veker for oppgåveskriving.

Eksamen

2 obligatoriske heimeoppgåver: 1 tekstanalyse på 3. s. à 2300 teikn og 1 generell kommentaroppgåve på 5 s. à 2300 teikn som skal skrivast på italiensk og skal leverast i 2 eksemplarer til faglærar. Oppgåvene tel likt og får bokstavkarakter.

Fakta om emnet

Studiepoeng
10
Undervisning

Hausten 2005

Eksamen

Hausten 2005

Undervisningsspråk

Norsk og italiensk