Klangeleiken - å byggje ein fjørklangeffekt

Det er vanskeleg å sette ord på den plassen analoge og digitale effektar har hatt, og framleis har, i musikk. Effektar og manipulering av lyd er nærast i alle ledd av dagens pop og rock-musikk; for utøvarar, i konsertproduksjonar og i studioinnspelingar. Desse tankane rundt effektar gav meg inspirasjon til å lage produktet som er gjenstand for denne oppgåva, nemleg Klangeleiken.

Klangeleiken som ferdig produkt. Foto: Kandidatnummer: 381

Presentasjon av Klangeleiken

Klangeleiken er primært ein fjørklangeffekt som kan nyttast til alle slags lyd-einingar (instrument) mellom den respektive lyd-eininga og ein forsterkar. Inputen på Klangeleiken går inn i ein innebygd forsterkar som driv eit høgtalarelement. På denne forsterkaren er det to dreiepotensiometer som styrer volum og tone. I tillegg er det ein av-på-vreng-skifter. Vreng-funksjonen har eg kalla «Rundhyl» fordi den eigna seg best til å oppnå feedback i elementet. Festa til høgtalarelementet er det ei fjør som er spent frå elementet, som ligg til venstre i karosseriet, til ein boks på karosseriet si høgre side der ein av pickupane er plassert. Vibrasjonane frå elementet får fjøra til å dirre, noko som vert plukka opp av to pickupar. Signala som vert plukka opp av pickupane er igjen kopla til ein jack-utgang som pluggast vidare til ein forsterkar. Pickupane, altså utgangssignalet, kan ein styre med kvar sine volum -og tone dreiepotensiometer på lokket av Klangeleiken. Ein pickup-skifter gjer det mogleg å nytte pickupane separat eller å blende dei.

 

Demonstrasjonsvideo

Kort om arbeidsprosessen

Som med mykje anna, starta dette prosjektet med eit søk på internett. Der fekk eg sjå fleire DIY (do it yourselfe) fjørklangar. Desse var laga med ein liten forsterkar som dreiv eit element. I elementet var det festa ei fjør som igjen var festa til ein kontaktmikrofon. Kontaktmikrofonen var igjen kopla rett i ein jack-utang. Den første versjonen eg laga var satt opp slik. Det fungerte, men eg tykte ikkje dette var optimalt. Kontaktmikrofonen tok opp for mykje vibrasjonar frå boksen og for lite frå fjøra. Med kontaktmikrofonen rett i utgangen var det også lite moglegheiter for å skru til lyden. Etterkvart fann eg ut at eg ville prøve med pickupar og gjekk dermed vekk ifrå kontaktmikrofonen. Ved forsking på lyd fann eg ut at eg ville plassere den eine pickupen i ein gamal tobakksboks og den andre rett under elementet. Dette gav to nokså ulike lydar, noko som var funksjonelt ettersom ein kunne blende dei to signala.

 

Drøfting rundt forbetringar

Å nytte ein pappboks var heldig med tanke på å skjere ut til potensiometer, knappar, ledlys osv., men med eit fleksibelt materiale som papp går også noko av vibrasjonane ut i boksen. Med eit fastare materiale ville meir av vibrasjonane ha gått ut i fjøra noko som hadde gjett støre effekt. Ein kunne også ha nytta eit volumpotensiometer mellom utgangen og ein kontaktmikrofon. Då kunne ein ha behaldt kontaktmikrofonen ettersom ein kunne ha blenda inn berre så mykje signal ein ville ha. I mangel på tid og ressursar skjedde ikkje dette denne gongen, men dette er absolutt noko eg vil forske vidare på.

 

Kva eg er nøgd med

Om eg skal trekke fram nokre aspekt eg er spesielt nøgd med må det vere lyden i den høgre pickupen, det at eg i det heile kom på å nytte pickupar og den kontrollerte feedbacken eg oppdaga ved ei tilfeldigheit. Den mekaniske konstruksjonen gjer også at ein kan preparere fjøra, noko som gjer dette til ein effekt ein kan utforske på andre måtar enn med berre knappar og potensiometer.

Emneord: Interaktiv musikk
Publisert 29. mai 2018 11:08 - Sist endret 29. mai 2018 11:08