Berlin, Tyskland

"Læringssenteret ved Charité arrangerer ei heil mengd praktiske kurs som er heilt gratis (http://looop.charite.de/studierende/tutorienbuchung/). Deltok på undersøkingskurs i oftalmologi og ØNH, som var veldig greit for å bøte på manglande prakstisk undervisning på studiet."

Navn: Ingvild Skølt

E-post og tlf: ingvildskolt@gmail.com

Sted: UiO, Oslo, Norge

Semester: Høst, 7. semester / tilsvarande modul 29 og 30 i Berlin

Semesterstart: 5/10 2015

Semesterslutt: 11/2 2016

Eksamen: Multiple choice, skriftleg, 60 minutt. Éin i nevrologi og éin i øyre/nase/hals/auge.

Studieopplegg:

Studiet er lagt opp i einskilde modular, som alle varar i fire veker. Eg hadde fyrst auge/øyre/nase/hals (modul 29), så nevrologi (modul 30), fire veker i prakis (såkalla famulatur) og til slutt fire veker valfag (modul 32). Alle eksamenar føregår i siste semesterveke. Denne inndelinga gjer det veldig oversiktleg og greitt å vite kva ein held på med, men ulempa er at stoffet ikkje får like god tid til å synkje inn.
Alle undervisning føregår på tysk, og sjølv om eg stort sett forstod kva som vart sagt, måtte eg bruke lenger tid på eigenhand for å lære noko. Undervisningsmengda er iallfall ikkje større enn i Oslo, men det er noko strengare krav til oppmøte. Nett som heime må ein samle underskrifter og poeng for obligatorisk undervisning, og per modul treng ein eit minimum av poeng for å kunne gå opp til eksamen. Reglane står greit forklart på signaturkortet. I tillegg må ein signére lærarens lister, så alt oppmøte blir dobbeltkontrollert. Det er dermed ikkje så greit å bytte gruppe.
Førelesiningane er frivillige, og varar alltid 90 minutt utan pause. Ta med kaffi! I tillegg har ein seminar med rundt 20 studentar, PBL i kjend stil og kliniske smågrupper (SPU+PNU). Sistnemnte var eg ganske skuffa over, spesielt i auge/øyre/nase/hals. Me såg svært få pasientar, og fleire av gruppene gjekk føre seg på pauserom eller i korridoren, der legen snakka om det som tilfeldigvis fell han/ho inn. Fekk aldri opplæring eller trening i augeundersøking, så kan anbefale å hospitere ein dag når ein kjem attende til Noreg. Eg fekk også oversendt undersøkingsmanualen i oftalmologi som vert nytta i Oslo. I samband med smågruppene har ein også obligatorisk gjennomgang av pasientar i større grupper. Dette var oftast lite organisert, og eg tok ut fråveret mitt i desse timane.

Kvar tysdag vert det lagt ut interaktiv læring på læringsportalen Blackboard, med fakta og quiz om eit meir eller mindre relevant tema. Ein kan også sende inn spørsmål til læraren innan torsdag. Hadde også ein del disseksjonsdemonstrasjon, der lærarar ramsar opp flust av strukturar i rekordfart. Svært lite pedagogisk, og dei tyske studentane skjønar ikkje stort meir enn deg. Mykje er på eit detaljnivå som ein eigentleg ikkje treng kunne, så vil anbefale å setje seg i ro og mak med eit anatomiatlas og læringsmål i staden for å notere febrilsk undervegs.

Det faglege utbyttet varierte mykje, omtrent som i Oslo. I fyrste modul gjorde eg mykje som sjølvstudie på bakgrunn av førelesingspresentasjonar og læringsmål, men gjekk stadig oftare i førelesing fordi det var både sosialt og ein bra måte å lære tysk. Det som var veldig bra, er at kvar undervisningstime har tilknytta eigne konkrete læringsmål. Ein kan dermed skrive ut lista og enkelt krysse ut etter kvart som ein vert ferdig. Organiserte lesinga utifrå læringsmåla, nytta førelesingspresentasjonane som utgangspunkt og fylte på med litteratur. læringsmål som er merka som "ferdigheiter" og "kognitiv læring" vert ikkje testa på eksamen og
Både Campus Mitte og Virkchow har  fine leseplassar på biblioteket, og eg sat også ein del på universitetsbiblioteket på Grimmzentrum i Mitte. I eksamensperioda var det nesten håplaus å finne ledig plass, men drog då på juridisk fakultet, rett ved Unter den Linden. Der er det alltid ein ledig pult!

Lærebøker finst i fleire titals eksemplar på dei medisinske biblioteka, noko som betyr at du slepp å dra med deg mange pensum-kilo i bagasjen og kvar dag i skulesekken. Synest det var greit å lese alt på tysk for å få inn fagspråket, sjølv om det gjekk litt saktare. Tok utgangspunkt i førelesingspresentasjonane, og fylte på med eit tilfeldig utval bøker når det var noko som stod ope i læringsmåla. Nytta også www.amboss.de, som er ei læringsside for tyske medisinstudentar. Her kan ein både lese oversiktlege faktakort om absolutt alt ein treng, og teste seg sjølv med multiple choice og case-oppgåver. Veldig bra og pedagogisk!
Eksamen var svært annleis og litt merkeleg. Det heile var unnagjort på to timar med avkryssing, men spørsmåla var veldig detaljfokuserte og heilt på kanten av pensum. Det er altså veldig vanskeleg å forutsjå kva som kjem, og også dei tyske studentane er oppgitte over dette. Men dei aller fleste klarar seg fint, så ingen grunn til panikk. Universitetet gir ikkje ut gamle eksamensoppgåver, men det ligg nokre få tidlegare spørsmål på den studentstyrte sida www.olmen.de. Fekk nytte brukarnamn og passordet til ein ven, men du kan også be ein tysk medstudent invitere deg inn.

Læringssenteret ved Charité arrangerer ei heil mengd praktiske kurs som er heilt gratis (http://looop.charite.de/studierende/tutorienbuchung/). Deltok på undersøkingskurs i oftalmologi og ØNH, som var veldig greit for å bøte på manglande prakstisk undervisning på studiet.
Praksisperioda tilbragte eg ved nevrologisk avdeling på Vivantes Auguste-Viktoria Klinikum. Dette må ein arrangere sjølv ved å sende mail til ulike avdelingar, og det tek ofte lang tid å få svar. Start så snart du har vore innom Charités internasjonale kontor (sjå under), som både har laga ein mal for praksisførespurnad og ei liste med aktuelle sjukehus. Har generelt høyrt at det er hyggelegare og betre oppfølgjing på dei sjukehusa som ikkje tilhøyrer Charité, men det avheng sjølvsagt av kva for legar du møter. Eg arbeidde fem dagar i veka frå 8 til rundt 15.30, og fekk diverre ikkje gjort så mykje sjølv. Kvar morgon tok eg blodprøver og sette veneflonar, og fekk gjort nokre enkle blodtrykksmålingar og kognitive testar. Elles var eg mest flue på veggen og skugge under pre-visittar, visittar, lumbalpunksjonar og røntgenmøter, og dagane gjekk ganske langsamt. Innimellom vart det mykje venting, så hadde alltid med ei bok eller flashcards for å slå i hel tida der legane gjorde kontorarbeid. Dei tilsette var absolutt hyggelege, men også såpass travle og slitne at ein som student ofte vart oversett. Her er det berre å vere litt frampå, eller gå tidleg heim om det er lite å finne på. Fekk på eige initiativ hengt litt i akuttmottaket, på slageininga og radiologisk avdeling, så det løner seg å spørje. Læringsutbyttet av praksisen tilsvarar diverre ikkje tidsbruken, men ein blir iallfall sabla god på blodprøver og tysk smalltalk.

Kull- /gruppestørrelse 

Rundt 60-70 i førelesing, 30 på seminar, PBL-grupper på 8-10 og kliniske smågrupper på 4.

Oppfølging fra lokale studieveiledere etc.

Før ankomst får ein svært lite konkret informasjon frå universitetet, og det kan vere skikkeleg frustrerande å ikkje vite kva som skjer før avreise. Me fekk mail i juli med kryptiske timeplanar i excel, men i praksis var desse umogeleg å tyde. Det var heller ingen som hadde tid til å svare skikkeleg på mail før semesterstart. Så fort du kjem til Berlin, bør du difor oppsøkje Angelika Cernitori eller Nikola Lepom ved ChIC (Charités internasjonale kontor), og det er hit du kjem om det dukkar opp studierelaterte spørsmål seinare i semesteret. Var litt skremt for desse damene etter å ha lest tidlegare utvekslingsrapportar, men dei er begge hyggelege og hjelpsame, så lenge ein held seg til deira reglar og system. Set deg inn i det du får av tilsendt info, og snakk og skriv konsekvent tysk. Det er også viktig å halde seg til besøkstidene ("sprechstunden") éin gong i veka.

Bade ccisk flotte dt lotte kulturopplevingar grunna dette, som uro. Har til dømes sitte på fremste rad under Svanesjøensitje kla

Språk:

Skal ikkje leggje skjul på at språket var den desidert største utfordringa i Berlin, men også noko av det som betyr mest å ha med seg heimatt. Det krev litt ekstra både fagleg og sosialt, men vil absolutt anbefale Berlin om du har eit snev av sans for språk.
Hadde tyskundervisning på ungdomsskulen og to år på vidaregåande, men språkkunnskapane var svært rustne sidan den tid. Repeterte litt basal gramatikk, brukte språkkurs på podcast, las ei bok og nytta appen "Duolingo" sommaren før eg drog. Men fekk ikkje på langt nær førebudd meg så mykje som ønskt, og var nok unødig bekymra. Mange av dei andre Erasmus-studentane i Belrin har så godt som ingen tyskkunnskap frå før av, men klarar seg på mystisk vis gjennom både praktikum og eksamenar likevel.
Fire veker før semesterstart deltok eg på språkkurs ved Humbholdt-universitetet (https://www.sprachenzentrum.hu-berlin.de/de/erasmus-deutsch-intensivkurse). Dette er verkeleg verdt å få med seg! Påmelding opnar nokre månader før (i mars for haustsemesteret), og plassane er ettertrakta. Ein må fylle ut ei litt merkeleg tyskprøve ved påmelding, men resultatet frå denne har ingenting å seie vidare. Fredag før kursstart møter ein opp til ein liknande skriftleg test, og utfrå dette blir ein plassert i passande klasse. Hamna i ei B2-gruppe med litt overveldande høgt nivå, mykje diskusjon og ein kjempeflink lærar, så fekk verkeleg utfordra meg. Undervisninga varar berre halve dagen, og ein har mykje tid til å utforske byen og vere sosial ved sidan av. Her finn ein fort nye vener, og det er ein perfekt start på opphaldet.
I det internasjonale studentmiljøet er det mange som føretrekk engelsk, og eg hadde også mange skandinaviske vener som eg snakka norsk med. Det er ikkje noko problem å bu i Berlin utan å snakke tysk i det heile, så ein bør vere bevisst om ein verkeleg vil lære seg språket. Snakka konsekvent tysk i kollektivet, i skulesamanheng, og på eiga hand i byen, trass i at det gjerne førte til både komiske og kronglete situasjonar!

Bolig

Boligrisane i Berlin ligg jamnt under Oslo-nivå, men mange synest det er vanskeleg å finne noko. Vil anbefale å vere tidleg ut og opprette eigen annonse på www.wg-gesucht.de (tysk versjon av hybel.no), under "Gesuch inserieren". Skreib ein utfyllande og litt meir personleg søknad på tysk, og var så heldig å få mange ulike tilbod å velgje mellom. Unngjekk å nytte uttrykket "Erasmus-student", som i Berlin ofte vert assosiert med fyll og fanteri. Utvekslingsstudentar er ekstra utsett for svindel og urimeleg høge leigeprisar, så ver litt ekstra på vakt. Endte med eit internasjonalt og hyggeleg kollektiv i Mitte, der eg betalte 400 Euro i månaden. Både Mitte, Kreuzberg, Friedrichshain, Prenzlauer Berg og Neukölln er sentralt, hyggeleg, hipt og eit godt utgangspunkt om ein vil oppleve mest mogeleg av byen.

Sosiale forhold 

I løpet av sommarferien tok nokre portugisiske studentar initiativ til ei felles facebook-gruppe for alle utvekslingsstudentar ved medisin, og dette vart spreidd via mail frå det internasjonale kontoret. Dermed var me i kontakt med kvarandre allereie før avreise, og det var enkelt å treffast når ein kom åleine til byen. Vil absolutt anbefale å gjere noko liknande! Gjennom språkkurset var det også lett å få vener frå mange ulike land og studieretningar, og det var i denne fyrste månaden eg fann det meste av nettverket mitt.
På universitetet er folk hyggelege og meir utadvendte enn eg er vane med frå Norge, så det var ikkje noko problem å kome i snakk om ein stilte sidemann eit spørsmål. Samstundes har dei tyske studentane allereie eit etablert nettverk og fulle timeplanar, og det sosiale samhaldet ved fakultetet verkar ikkje å vere like bra som i Oslo. Dei tyske medstudentane traff eg eigentleg berre på universitetet, og det sosiale nettverket fann eg andre stader.

Studentorganisasjonen Erasmix arrangerer stadig sosiale ting for Erasmus-studentar på medisin, mellom anna noko tilsvarande fadderveke, filmkveldar og turar. Var med på ein hyggeleg busstur til Leipzig og eit par festar, og fann her nokre andre utveklsingsstudentar som tok same modular som meg.

Takka ja til tilbod om ein eigen Erasmus-buddy, som fungerer som ein personleg faddar. Det er veldig kjekt å ha nokon frå medisinstudiet som kan svare på alt av faglege og praktiske spørsmål, og i tillegg var eg så heldig å få ein faddar som også vart god ven.

Erasmus-Freunde er ei gruppe trivelege pensjonistar som inivterer med seg utvekslingsstudentar på diverse kulturelle arrangement. Var med på kunstmuseum og luciakonsert i Berliner Dom – sistnemnte er ein fast tradisjon og enormt flott!

Fritid 

Berlin er ein heilt fantastisk by å bu i, og det finst så enormt mykje å ta seg til. Heldigvis har ein ganske god tid til å nyte det ved sidan av studiet, til eit svært hyggeleg prisnivå.

Studentidretten (https://www.hochschulsport.hu-berlin.de/deb) har eit enormt tilbod av kurs som ein kan melde seg på, innanfor alt ein kan tenkje eg av idrett og aktivitet. Prøvde buldring og yoga, og tilboda kostar nesten ingenting. Det er lurt å kikke over kurstilboda når dei vært lagt ut, og sitje klar for booking med ein gong det opnar nokre dagar etterpå. Plassane forsvinn i løpet av minutt! Rett før studiestart i oktober deltok eg og to andre Erasmus-studentar på kajakkurs i regi av studentidretten, med tre dagars padling gjennom både by, kanalar og innsjøar. Dette var ein skikkleeg bra måte å sjå ei heilt anna side av metropolen, og me fekk snakka masse tysk med dei fire andre som deltok.Treningssenter er forholdsvis dyrt, men haddde medlemsskap ved Yoga4All i Friedrichshain. Lite studio, men var veldig fornøgd med både pilates- og yogaklassene. Elles har Berlin mange svært billege offentlege svømmebasseng (stadtbad).

 Alle under 25 år kan kjøpe tilbodskortet Classic-Card (classiccard.de), som kan nyttast i alle Berlins konserthus og operaer. Møt opp ein time før førestilling, og få restplassar til 8-10 Euro. Har hatt mange fantastisk flotte kulturopplevingar grunna dette, som til dømes plass midt på fremste rad under Svanesjøen i statsoperaen.

Det er både enkelt og billegg å reise frå Berlin, og på få timar kjem ein seg overalt i Europa med buss. Drog til Praha ei langhelg like før jul, noko som var heilt perfekt for å få den rette Tre nøtter til Akepott-kjensla.

Nytta nettsida www.stilinberlin.de mykje for å finne gode kaféar og restaurantar. Mange fine guidar og svært praktisk kart, så ein enkelt kan finne ein bra stad i nærleiken av der ein allereie er.

Har ei lang liste over favorittstader i Berlin, og ramsar berre kort opp eit par saker som bør opplevast. Ta gjerne kontakt om du treng fleire tips!
Medizinhistorisches museum: På campus i Mitte, med ein heil etasje eksotiske patologiske preparat og anna medisinarmoro. Eit absolutt must.

Sachenhausen: Av dei best bevarte konsentrasjonsleirar frå andre verdskrig, ein times togtur utanfor byen.

Schloss Charlottenburg og Schloss Sansoucci: Herskaplege slott.

Mauerpark: Über-berlinsk hippiestemning med loppemarknad, mat og utandørs karaoke kvar søndag

Boxhagener Platz: vekentleg loppemarknad, langt rimelegare enn Mauerpark

Markthalle Neun: Mathall med street food market torsdag og utvalde søndagar

Wiehnachtsmarkt på Gendarmenmarkt: Den trivelegaste julemarknaden, ope heile desember

White trash: Burger, bar og tatoveringssjappe under same tak

Nest: Kanskje byens beste brunsjbuffet

Clärchens Ballhaus og Ballhaus Berlin: Dansesalongar med glitter, 20-talsstemning og swingmusikk

– Edelweis og B-flat: Tradisjonsrike jazzbarar med gratis jam éin gong i veka.

Kino International: DDRs store stoltheit, der popcorn er bytta ut med champagne og sceneteppe i gull

– Helmut Newton Museum og O/C-Haus: fotomuseum

Diverse / tips til andre som reiser dit

Tips nummer éin er å bestille time hjå Bürgeramt i god tid før avreise (https://service.berlin.de/dienstleistung/120686/). Her må du registrere deg som bebuar i Berlin, noko som trengst for å bli skriven inn ved universitetet. Plan B er å reise til eit Bürgeramt-kontor klokka fem om morgonen for å stå fysrt i køen til restplasstime (ja, eg har prøvd).
Skaff deg sykkel! Det er ofte raskast og alltid finast. Elles er kollektivtilbodet svært bra, særleg med VBB sin reiseapp

Elles er det berre å senkje skuldrene og sjå kva som skjer. Det er umogeleg å få heilt oversikt og kontroll, men alt ordnar seg til slutt. Den berømte tyske orden er ikkje alltid like velfungerande, og endar diverre ofte i mykje byråkrati, kølappar og krav om personleg oppmøte innanfor avgrensa besøkstider. Ekte berlinarar er kjende for å vere særs direkte, så ikkje ta det personleg om du vert ropt etter i sykkelfeltet grunna feilplassering eller får kjeft for å stå i feil kø på offentlege kontor. Slikt skjer vekentleg, og bør ikkje oppfattast som uhøflegheit.

Ikkje nøl med å spørje om det er noko meir du lurar på! Berlin er ein spennande, uforutsigbar og mangfaldig by som det er spanande å utforske og lett å bli glad i og. Lukke til, god tur og viel Spaß!

Publisert 1. apr. 2016 10:06 - Sist endret 7. apr. 2019 18:42