Kva lærer du?

I spesialistutdanninga søkjer vi kontinuerleg etter den beste behandlinga basert på biologiske faktorar, tilgjengeleg teknologi og vitskapleg dokumenterte behandlingsmetodar.

Samfunnet har eit kontinuerleg behov for den beste, kunnskapsbaserte behandlinga til pasientane. Spesialistutdanninga gjer deg kompetent til å utføre komplisert og avansert pasientbehandling forankra i vitskapleg og tverrfagleg forståing. Kompetansen er viktig i dei tilfella der allmenntannlegen sin kompetanse ikkje er tilstrekkeleg for å hjelpe pasienten. Du får tett oppfølging av både vitskaplege og kliniske rettleiarar, og du deltek aktivt i forskning.

Læringsmål

Kandidatane skal etter fullført utdanning ha oppnådd følgjande læringsutbyte:

Kunnskaper og ferdigheiter:

  • kunne utføra spesielt krevjande behandling innanfor eige spesialistområde
  • kunne fungera som fagkonsulent/fagrådgivar
  • kunne undervisa studentar og anna helsepersonell om adekvate individ- og systemretta tiltak
  • kunne planleggja og gjennomføra etterutdanning innan fagdisiplinen
  • kunne bidra i fagleg utvikling og forsking
  • kunne vurdera faglitteratur kritisk og ta i bruk resultat frå relevant vitskapleg arbeid i klinisk praksis
  • kunne formidla vitskaplege resultat og utføra eige forskingsarbeid
  • kunne fungera som kontakt mellom universitetsmiljøa og helsetenesta

Generell kompetanse:

  • uttrykkja ei reflektert og etisk haldning til kunnskapsutvikling, forskingsprosessar og klinisk arbeid

Sjå òg programplanen for læringsutbyttebeskrivingar knytta til dei ulike fagretningane:

Programplan (pdf) til og med høsten 2026.

Programplan (pdf) fra og med høsten 2027. 

Læringsmetodar:

Klinisk pasientbehandling, kurs og seminar, praksis og sjølvstudium.
Undervisninga er i all hovudsak obligatorisk, og du må rekne med fulle arbeidsdagar kvar veke.

Faglitteratur og undervisning er på eit skandinavisk språk eller engelsk. 

Studieretningar

Den treårige spesialistutdanninga har seks studieretningar. Sjå meir informasjon om kva du lærer på dei ulike studieretningane:

Den femårige spesialistutdanninga har ei studieretning.

Publisert 5. juni 2023 15:20 - Sist endra 30. juli 2026 09:58