Kvifor velje denne retninga?

Med ei spesialistutdanning i endodonti får du kompetanse til å diagnostisere, behandle og førebygge sjukdom i tannas indre (pulpa) og omliggjande strukturar.

Innhald i studiet 

Spesialistutdanninga i endodonti er eit heiltidsstudium over tre år (seks semester – 40 veker/kalenderår, 37,5 timar/veke). Det er på totalt 180 studiepoeng, noko som svarer til 180 European Credits (ECTS). Éin ECT utgjer 25-30 timars arbeid.

Fagområdet endodonti omfattar sjukdommar i pulpa og det apikale periodontium og behandlinga deira. Pulpitt og apikal periodontitt kjem av infeksjonsprosessar i dentin og pulpa, ofte etter ubehandla karies eller ineffektiv fyllingsterapi, men også etter ytre traume og skader ved preparering i samband med restorativ behandling.

Dei grunnleggjande endodontiske prosedyrar er retta mot enten å førebygge pulpitt og apikal periodontitt, gjennom sikring av ein vital pulpa mot infeksjon, eller å kurere apikal periodontitt ved eliminasjon av mikrobar frå rotkanalsystemet. Pulpa og det apikale periodontium kan òg affiserast av resorpsjonsprosessar med varierande aggressivitet; desse er òg gjenstand for endodontisk diagnostikk og behandling.

Spesifikt for dei endodontiske prosedyrar er behovet for aseptikk og effektive antibakterielle prosedyrar. Aseptikk, antiseptikk og desinfeksjon som prinsipp for behandling har derfor ein heilt sentral plass i endodontibehandling.

Utdanninga er eit vitskapleg forankra heiltidsstudium som føreset at leiaren for undervisninga har både spesialistutdanning i endodonti og doktorgrad. Innhald og omfang i spesialistutdanninga er i samsvar med krav vedteke av European Society of Endodontology Accreditation of postgraduate speciality training programmes in Endodontology. Minimum criteria for training Specialists in Endodontology within Europe. International Endodontic Journal, 43, 725–737, 2010.

Semesterutvalet til denne utdanninga (SUSp) har i oppgåve å føre tilsyn med gjennomføringa av programmet.

Studiemiljø

Spesialistkandidatane blir ein del av eit lite men tett fagmiljø av studentar og fagpersonar, først og fremst knytt til eige fagmiljø, men òg på tvers av fagretningane. Som student kjem du òg tett på resten av studentane på tannpleier- og tannlegeutdanninga gjennom rettleiarrolla di i klinisk praksis.

Livet som student er meir enn sjølve studieprogrammet du går på. Ved UiO finn du tilbod om trening til gunstig pris, velferdstilbod, studentdemokrati og meir enn 250 studentforeiningar - sjå Livet rundt studiane eller SiO Foreninger.

Spesialistkandidatane er representerte i semesterutvalet SUSp og Programutvalget for studie og studieprogram PSS.

Jobb og vidare studiar 

Etter fullført spesialistutdanning kan du få jobb som tannlegespesialist både i offentleg og privat sektor. Du kan òg velje ein akademisk karriere som forskar eller underviser ved eit universitet. Du har òg høve til å ta ei forskarutdanning. 

Publisert 30. jan. 2024 18:37 - Sist endra 18. mars 2025 16:23