Kvifor velje denne retninga?

Pedodonti, eller barnetannpleie, er ein eigen spesialitet innan odontologien. Spesialistar i pedodonti er utdanna til å vareta barn og ungdom med behov for spesiell kompetanse innan tannhelse (barnetannlege).

Innhald i studiet

Spesialistutdanninga i pedodonti er eit heiltidsstudium over tre år (seks semester – 40 veker/kalenderår, 37,5 timar/veke). Det er på totalt 180 studiepoeng, noko som svarer til 180 European Credits (ECTS). Éin ECT utgjer 25-30 timars arbeid.

Innhaldet og omfanget av studiet svarer til dei krava som er beskrivne i Curriculum vedteke av European Academy of Paediatric Dentistry (EAPD).

Utdanninga er eit vitskapleg forankra heiltidsstudium som føreset at undervisarar har minimum spesialistutdanning i pedodonti og doktorgrad (Ph.d. eller tilsvarande).

Semesterutvalet til denne utdanninga (SUSp) har i oppgåve å føre tilsyn med gjennomføringa av programmet.

Hovudmålet til utdanninga

Spesialistutdanninga i pedodonti skal kvalifisere kandidaten klinisk til å ta hand om orale helseproblem i aldersgruppa 0-18 år. Det inkluderer å kunne 

  • behandle særleg kompliserte eller sjeldne pedodontiske kasus som blir vist frå tannlegar, pediatriske og barnepsykiatriske klinikkar eller andre instansar
  • meistre behandling av pasientar under sedasjon og anestesi
  • planleggje førebyggjande program for enkeltindivid og grupper av individ
  • organisere ettersyn og nødvendig behandling for spesielle grupper barn og ungdom
  • fungere som konsulent i samband med kompliserte eller sjeldne kasus
  • koordinere og delta i tverrfagleg samarbeid med andre odontologiske og medisinske spesialdisiplinar
  • analysere, evaluere og implementere ny kunnskap innan faget
  • planleggje og utføre vitskaplege undersøkingar og delta i utdanning av tannhelsepersonell

Studiemiljø

Spesialistkandidatane blir ein del av eit lite men tett fagmiljø av studentar og fagpersonar, først og fremst knytt til eige fagmiljø, men òg på tvers av fagretningane. Som student kjem du òg tett på resten av studentane på tannpleier- og tannlegeutdanninga gjennom rettleiarrolla di i klinisk praksis.

Livet som student er meir enn sjølve studieprogrammet du går på. Ved UiO finn du tilbod om trening til gunstig pris, velferdstilbod, studentdemokrati og meir enn 250 studentforeiningar - sjå Livet rundt studiane eller SiO Foreninger.

Spesialistkandidatane er representerte i semesterutvalet SUSp og Programutvalget for studie og studieprogram PSS.

Jobb og vidare studiar 

Etter avslutta spesialistutdanning kan du få jobb som tannlegespesialist både i offentleg og privat sektor. Du kan òg velje ein akademisk karriere som forskar eller undervisar ved eit universitet. Du har òg høve til å ta ei forskarutdanning. 

Publisert 1. feb. 2024 18:31 - Sist endra 19. mars 2025 12:23