Oppdatere namn, adresse eller fødselsnummer

Har du endra namn?

  • Meld frå om det nye namnet til Knutepunktet på UiO.
  • Du må dokumentere det nye namnet. Gyldig dokumentasjon er pass, bankkort, førarkort eller stadfesting på namneendring frå folkeregisteret/skatteetaten.

Har du endra adresse?

  • Adressa oppdaterer du sjølv i Studentweb. Klikk på namnet ditt øvst til høgre og vel Min profil. Skriv inn den nye adressa.
  • Meld også adresseendring til Posten og set namnet ditt på postkassa. Då kjem posten lettare fram.

Har du endra fødselsnummer?

Publisert 14. apr. 2010 08:51 - Sist endra 15. nov. 2017 14:05