English version of this page

Oppdatere namn, adresse eller fødselsnummer/fødselsdato

Har du endra namn?

Personar som har vore studentar dei siste tre åra og som endrar namn i Folkeregisteret blir automatisk oppdaterte i studentsystemet på UiO og Studenweb dagleg. Andre må melde namneendring.

Meld fra til UiO om navnendring (bokmål)

Meld frå til UiO om endra namn (nynorsk)

Kan du ikkje bruke nettskjemaet? Vend deg til Knutepunktet.

Har du endra adresse?

Adressa oppdaterer du sjølv i Studentweb. Klikk på namnet ditt øvst til høgre og vel Min profil. Skriv inn den nye adressa.

Meld også frå til Posten Norge og set namnet ditt på postkassa. Då kjem posten lettare fram.

Har du fått norsk fødselsnummer/vil du informere oss om fødselsdatoen din?

Alle studentar og ph.d.-kandidatar som har endra fødselsnummer i Folkeregisteret blir automatisk oppdaterte i studentsystemet på UiO.

Meld frå om du har fått norsk fødselsnummer på Melding til UiO om endra fødselsnummer.

Vil du informere oss om fødselsdatoen din? Vend deg til Knutepunktet.

Ønske om endring av visningsnamn eller brukarnamn - gjeld studentar, ikkje tilsette

I datasystema på UiO brukar vi det namnet du har i Folkeregisteret. Dersom du ikkje finst i Folkeregisteret, brukar vi namnet i passet ditt. Du kan i nokon grad sjølv velje kva namn som skal visast i UiOs e-post og personsøk. Sjå i Brukerinfo, under Person-fanen og Visningsnavn kva du kan velje mellom.

Dersom du av tungtvegande grunnar ønsker å vise fram eit anna namn, kan vi gjere unntak i nokre av datasystema på UiO. Tungtvegande grunnar kan vere til dømes kjønnsinkongruens eller dersom framvising av namnet ditt set deg i fare i heimesituasjonen eller heimlandet. Du kan få vise fram eit anna namn mellom anna i Canvas og på e-post.

Det er ikkje mogleg å endre brukernamn ved UiO. Du kan søkje om å få oppretta ein ny konto med eit anna brukarnamn dersom brukarnamnet ditt viser kjønnsidentitet på ein uheldig måte eller dersom brukarnamnet ditt har ei særleg krenkjande betydning.

Kva er brukarnamnet mitt? 

Dersom du er usikker på kva brukarnamnet ditt er, kan du sjekke på https://passord.uio.no/forgottenUsername.

Du får brukarnamn første gang du blir student på UiO. Brukarnamnet er identifikatoren som gjer at IT-systema kjenner deg igjen. Vanlegvis speglar brukarnamnet fleire av bokstavane i namnet ditt, men det er ikkje alltid slik, særlig til dømes om du har bytta namn.

Dei fleste systema ved UiO viser ikkje fram brukarnamnet ditt for andre personar, men det er unntak, til dømes e-postsystemet og Microsoft 365.

Endring av visningsnamn gjeld ikkje alle system

Du kan ikkje få eit anna namn i mellom anna Studentweb, Vitnemålsportalen eller Studentbevisappen. Du kan heller ikkje få eit anna namn på karakterutskrifter, vitnemål eller tilgangskort. Desse systema samhandlar med andre offisielle register i Noreg, eller dei må vise det same namnet som den offisielle legitimasjonen din.

Skjema

Skjema for å sende inn ønske om anna visningsnamn eller brukarnamn: 

Studieavdelinga på UiO handsamar ønske om endra visningsnamn eller brukarnamn.

Du kan også endre og registrere nye opplysningar om deg sjølv i Folkeregisteret, mellom anna namn og juridisk kjønn. UiO får overført dei nye opplysningane automatisk frå Folkeregisteret. 

Spørsmål?

Kontakt Knutepunktet

Publisert 28. sep. 2018 15:20 - Sist endra 19. aug. 2026 14:41