Betalt semesteravgifta til ein annan studentsamskipnad

Du treng ikkje å betale semesteravgifta til fleire studiestader for å studere ved UiO. Dersom du betaler semesteravgifta til ein annan studentsamskipnad enn Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus (SiO), avdeling UiO, må det registrerast ved UiO.

Hugs å registrere deg i Studentweb og melde deg til undervisning og eksamen.

Registrer ekstern betaling

Fyll ut og send inn skjemaet innan fristen for at betalinga skal bli registrert av UiO:
Bokmål: Registrering av betalt semesteravgift til en annen studentsamskipnad
Nynorsk: Registrering av betalt semesteravgift til ein annan studentsamskipnad

Fristar

  • Haust: 1. september
  • Vår: 1. februar

Om du betaler til SiO ved ein annan institusjon

Studentar som studerer ved UiO og har betalt til SiO ved ein annan institusjon må registrere seg som ekstern betaler. Fyll ut og send inn skjemaet innan fristen for at betalinga skal bli registrert ved UiO. Under 'Til kva studentsamskipnad har du betalt?' vel 'SiO - ikke UiO-avdeling'. UiO studentar som er registrert med betalt semesteravgift til SiO ved ein annan institusjon kan bruke velferdstilbodet til SiO på lik linje som studenter som har betalt til SiO ved UiO. Merk at man ikkje får gyldig semesterkvittering frå UiO i studentbevis-appen/semesterkvittering på papir eller studiekort frå UiO.

Om du ikkje betaler til SiO

Studentar som ikkje betaler semesteravgifta til SiO får ikkje gyldig semesterkvittering frå UiO i studentbevis-appen/semesterkvittering på papir eller studiekort frå UiO. Dei får heller ikkje bruke velferdstilbodet til SiO, til dømes treningstilbod, studentbolig, helsetenesta eller barnehagetilbodet.

Betale til fleire studiestader

Det er mogleg å betale semesteravgift til flere studiestader. Du kan bruke velferdstilbodet til SiO dersom du òg betaler semesteravgifta til UiO innan fristen (eller er registrert ved UiO med betalt semesteravgift til SiO ved ein annan institusjon som kan dokumenteres). Betalingsinformasjon for semesteravgifta til UiO finn du i Studentweb.

Publisert 18. mai 2011 10:53 - Sist endret 4. juni 2019 12:20