Løysinga for Digital Signatur legg opp til at du må fylle inn fødselsnummeret til dei som skal signere på eit dokument. Dette er eit sikkerhetstiltak, både for å sikre at det er riktig person som signerer, og for å unngå at dokument kjem på avvege.
Frå juli 2024 kan du skru av kravet om fødselsnummer, og heller registrere den som skal signere med e-postadresse og mobilnummer. Dette er praktisk, men ver obs på at det er tilfeller der du bør bruke fødselsnummer likevel.
Merk at personen som skal signere må framleis signere ved hjelp av ID-porten og BankID, og personen må oppgi sitt fødselsnummer der. Det ferdig signerte dokumentet vil innehalde personen sitt namn, som løysinga henter frå Folkeregisteret automatisk.
Når bør du bruke fødselsnummer og ikkje?
Bruk av fødselsnummer skal berre brukast når det er saklig behov for sikker identifisering. Dvs. dersom det held at ein person vert identifisert ved hjelp av e-postadresse og mobilnummer, skal du ikkje bruke fødselsnummer.
Det er dessverre ikkje eit klart svar på kva typer dokument som du bør bruke fødselsnummer for. Du bør difor gjere di eiga risikovurdering:
- Er dokumentet som skal signerast sensitivt eller konfidensielt? Bruk fødselsnummer.
- Gir det store konsekvenser om feil person får tilgang til dokumentet? Bruk fødselsnummer.
- Er det tilstrekkelig identifisering at personen sitt namn står i dokumentet? Bruk e-post og mobilnummer.
Generelt bør du unngå å bruke fødselsnummer om du kan det.
Til dømes bør du ikkje bruke fødselsnummer dersom du treng å få signert ei offentleg avtale med høgståande representantar frå andre institusjonar, med mindre dokumentet er konfidensielt.
Korleis kan du skru av bruk av fødselsnummer ved identifisering?
Når du er på sida for å laste opp eit dokument til signering, går du inn på "Avanserte innstillinger". Der finn du eit val for korleis du ønsker å adressere dei som skal signere:

Når du no blar opp til felta for å fylle inn dei som skal signere, vil du sjå at feltet for fødselsnummer er bytta ut med felt for e-postadresse og mobilnummer:
