Kva gjer eg med valresultatet i eValg?
Informasjon om kva du får av eValg etter eit val.
Kva gjev eValg deg?
Etter at du har tald opp i eValg, står du att med:
- Valresultatet
- Lister over kven som har stemt og ikkje
- Oppteljingsprotokollen
- Alle stemmesetlane, anonymisert
Punkt 1-3 inkluderast vanlegvis i valet sin valprotokoll.
På sikt er det meininga at valstyret også skal få tilgang til all historikk i eVal på kva som har skjedd med det gitte valet. Dette gjer det meir etterrettelig. Enn så lenge kan du henvende deg til USIT for å få desse detaljane.
Kva gjer eg etter ei opptelling?
Dette gjerast ulikt per valstyre, men døme på ein vanleg prosess er:
- Valstyret ser over valresultat og oppteljingsprotokoll.
- Lag ein valprotokoll, med relevante detaljar frå valstyret. Legg ved artifaktar, som oppteljingsprotokollen frå eValg, som vedlegg i protokollen.
- Skriv ut valprotokollen og få den signert av alle i valstyret.
- Skann inn valprotokollen, og send den til arkivering.
- Informer kandidatane om valresultatet.
- Publiser valresultatet på valet sine nettsider.
Publisert 16. sep. 2019 21:36
- Sist endret 7. sep. 2021 10:59