Bruk av source-kommandoen i bofh

Hjelp til korleis du bruker kommandoen "source" i bofh.

Kva gjer source?

Med kommandoen source kan du køyre mange kommandoar ved å lese dei frå ei fil. Du slepp å måtte taste inn kommandoane for hand, og kan produsere kommandoar frå andre data.

Denne kommandoen kan hjelpe deg i enkelte administrative oppgåver, til dømes når du treng å gjere det samme for veldig mange grupper eller brukarkontoar.

Fila med kommandoane kan du få generert med andre verktøy, til dømes ved å bruke output frå andre bofh-kommandoar.

Korleis gjer eg det?

Vanleg flyt:

  1. Opprett ei rein tekstfil med kommandoane du vil køyre. Ei kommando per linje.
  2. Lagre fila ein stad bofh får tilgang til fila.
  3. Dersom du treng å ta vare på output frå bofh, bør starte logging av output i terminalen. Til dømes ved å køyre "script <outputfil.log>" - all input og output til terminalen kopierast då ned i fila. Med pybofh kan du bruke bofh-kommandoen "script" for dette.
  4. Køyr source <filnamn>. Døme:
    source /hom/einkvan/bofhadmin/gruppeflyttingar.txt

Dømer på source-filer

Hent ut mange brukardetaljar på ein gang:

user info brukara
user info brukarb
user info brukarc
user info brukard
user info brukare

For å sette karantener på fleire brukarar:

quarantine set account brukara generell "Slutta"
quarantine set account brukarb generell "Slutta"
quarantine set account brukarc generell "Slutta"
quarantine set account brukard generell "Slutta"
quarantine set account brukare generell "Slutta"
quarantine set account brukarf generell "Slutta"

Andre tips

  • For enklare behov kan du bruke parentesteikn i kommandoen. bofh tolker dette til å repetere den gitte kommandoen for kvart ord inne i parantesen. Til dømes vil kommandoen "user info (brukara brukarb brukarc)" køyre kommandoen "user info" tre ganger - ein gang per brukarnamn som er oppgitt.
  • For meir avansert behov kan det hende du treng å bruke Cerebrum sitt API direkte. Dette krever meir tekniske ferdigheter.
Søk i veiledningene
Kontakt brukerstøtte:

Ring oss

Vi har åpent mellom 08:30 og 17:00 på hverdager,
og mellom 10:00 og 15:00 på lørdager.

Telefonnummer: 22 84 00 04

Send inn sak til oss

Du kan sende inn din forespørsel via e-post til: it-support@uio.no.

Gå til e-post

Book et videomøte over Zoom

Er du student eller ansatt kan du avtale veiledningstime hos UiO Helpdesk over Zoom. Tilgjengelige tider er tirsdag til torsdag mellom 11:00 og 13:00.

Book et videomøte

Chat med oss

Vår chat er bemannet mellom 09:00 og 16:00 på hverdager.

Åpne chat
Publisert 16. des. 2020 14:34 - Sist endra 22. sep. 2023 21:32