Ta i bruk bofh i GNU/Linux

Du kan bruke bofh frå di maskin med Linux.

Om du er logga inn på ei Linux-maskin på Universitetet i Oslo, skal du alt ha bofh installert på denne. Du treng då ikkje å logge inn på ei fellesmaskin.

Starte ein terminal

bofh har eit kommandolinje-grensesnitt, og er meint å køyre i ein terminal-emulator. I dette dømet viser vi korleis dette kan gjerast i ein standardinstallasjon av Fedora. Framgangsmåten for å starte ein slik terminal kan vere ulik for deg, dersom du har ein annan Linux-distribusjon eller eit anna oppsett.

  1. Finn aktivitetsknappen oppe i det venstre hjørnet på skrivebordet, og klikk på denne
  2. Skriv inn «Terminal» i søkefeltet, og klikk på programmet «Terminal» som dukkar opp under søkefeltet
Aktivitetsmenyen i Fedora 21/Gnome 3
Aktivitetsmenyen i Fedora 21/Gnome 3
Søkefelt og resultater i Fedora 21/Gnome 3
Søkefelt og resultat i Fedora 21/Gnome 3

Logge inn på ei fellesmaskin

Bofh er installert på fellesmaskiner på UiO – så neste steg vil vere å logge inn på ei slik fellesmaskin. Om du brukar ei Linux-maskin som vert vedlikehaldt av Universitetet i Oslo, skal bofh alt vere installert på denne. Du kan då hoppe over dette steget.

I denne guiden brukar vi bofh frå fellesmaskina Ulrik (login.uio.no). For å logge inn på denne maskina, må du taste inn:
ssh ditt-uio-brukarnamn@login.uio.no

Du vil bli spurd om å taste inn passordet ditt. Dette er det UiO-passordet som du òg bruker til å logge inn på mange andre tenester ved UiO, til dømes e-post eller brukerinfo.

Terminalvindu med en innloggingssesjon på Ulrik.
Terminalvindu med ein innlogga sesjon på Ulrik

Starte bofh

Du skal no vere på ei maskin der bofh-klienten er installert. Du startar denne ved å skrive inn kommandoen:

bofh

Bofh vil då starte, og du vil bli spurd om å taste inn passordet ditt. Du bruker det vanlege UiO-passordet ditt.

Om du får meldinga:

Error: CerebrumError: Unknown username or password

så har du mest sannsynleg tasta inn feil passord. Du må då starte bofh på nytt for å prøve igjen. Om du framleis ikkje får logga inn, og er heilt sikker på at du bruker riktig UiO-brukarnavn og passord, kan brukarkontoen din vere sperra av ulike årsaker. Ta då kontakt med din lokale IT-ansvarlege.

Terminalvindu med bofh
Terminalvindu med bofh
Søk i veiledningene
Kontakt brukerstøtte:

Ring oss

Vi har åpent mellom 08:30 og 17:00 på hverdager,
og mellom 10:00 og 15:00 på lørdager.

Telefonnummer: 22 84 00 04

Send inn sak til oss

Du kan sende inn din forespørsel via e-post til: it-support@uio.no.

Gå til e-post

Book et videomøte over Zoom

Er du student eller ansatt kan du avtale veiledningstime hos UiO Helpdesk over Zoom. Tilgjengelige tider er tirsdag til torsdag mellom 11:00 og 13:00.

Book et videomøte

Chat med oss

Vår chat er bemannet mellom 09:00 og 16:00 på hverdager.

Åpne chat
Publisert 20. mai 2010 08:30 - Sist endra 22. sep. 2023 21:33