Ta i bruk bofh i OS X

Du kan benytte bofh frå di maskin med OS X.

Her får du berre ei oppskrift på korleis du starter ein bofh-sesjon frå OS X. Den generelle bruksanvisninga for bofh gir ein introduksjon til kva bofh kan brukast til, og korleis bofh brukast.

Bofh er installert på fellesmaskiner på UiO, så første steg vil vere å logge inn på ei slik fellesmaskin. Først når du er logga inn på ei slik maskin, kan du starte bofh.

Starte ein terminal

Første steg er å starte programmet Terminal. Du kan enten bla deg fram til programmet i Finder (det ligg under /Programmer/Verktøy), eller søke det opp med Spotlight:

Du kan starte programmet Terminal med Finder
Du kan starte programmet Terminal med Spotlight

Logge inn på fellesmaskin

Neste steg er å logge inn på ei fellesmaskin. I denne guiden vil vi benytte Ulrik (login.uio.no). For å logge inn på denne maskina, må du taste inn:
ssh ditt-uio-brukernavn@login.uio.no

Du vil bli spurd om å taste inn passordet ditt. Dette er det samme passordet som du bruker til å logge inn på din e-postkonto, i Brukerinfo, og mange andre tenester på UiO.

Starte bofh

Når du er pålogga fellesmaskina, vil det dukke opp ein informasjonstekst i terminalen. Du kan då taste inn kommandoen:

bofh

Bofh vil då starte, og du vil igjen bli spurd om å taste inn passordet ditt. Du bruker då det samme passordet som du brukte til å logge inn på fellesmaskina.

Terminalvindu med bofh. Kommandoane som du sjølv må taste inn er markert med utheva tekst.
Søk i veiledningene
Kontakt brukerstøtte:

Ring oss

Vi har åpent mellom 08:30 og 17:00 på hverdager,
og mellom 10:00 og 15:00 på lørdager.

Telefonnummer: 22 84 00 04

Send inn sak til oss

Du kan sende inn din forespørsel via e-post til: it-support@uio.no.

Gå til e-post

Book et videomøte over Zoom

Er du student eller ansatt kan du avtale veiledningstime hos UiO Helpdesk over Zoom. Tilgjengelige tider er tirsdag til torsdag mellom 11:00 og 13:00.

Book et videomøte

Chat med oss

Vår chat er bemannet mellom 09:00 og 16:00 på hverdager.

Åpne chat
Emneord: bofh, os x, mac, terminal, login
Publisert 12. okt. 2010 13:24 - Sist endra 22. sep. 2023 21:33