Veikart for Gjestetjenesten (GREG)

Veikart for Gjestetjenesten. Det kan forekomme endringer etter hvert. Se endringslogg nederst. 

Innholdsfortegnelse

Høsten 2026

Arbeid vi har planar om å utføre innan utgangen av 2026.

Meir granulert vertstilgang

  • Gevinst: Kunne begrense kven som kan tildele spesifikke gjesteroller, og utvide slik at enkeltbrukere kan verifisere identiteter for større grupper gjester
  • Det er i dag mogleg å gi verter kun tilgang til eit utplukk av gjesteroller. Det er også mogleg å gi personar verifiseringstilgang. Dette gir dei tilgang til å godkjenne gjester som er manuelt registrerte på einingane dei har tilgang til, men dei har ikkje tilgang til å registrere gjester.
  • Jira-sak: GREG-487

Integrasjon med Folkeregisteret (FREG)

  • Gevinst: Automatisk vaske namn, hente statsborgarskap, handtere dødsfall.
  • Jira-sak: GREG-498

Sjølvbetjent delegering av vertstilgang

  • Verter skal sjølv kunne gi vertstilgang til nokon andre, utan at nokon med admintilgang må kontaktast. Blir opt-in, så institusjonar må aktivere delegeringsfunksjonen.
  • Jira-sak: GREG-488

Beskriving av gjesterolletype i grensesnittet

  • Når ein som vert tildeler ein gjest ein gjesterolle skal ein kunne få opp ei oversikt med ei beskriving av alle rolletypar som er tilgjengelege. Dette vil gjere det enklare å velge riktig rolle.
  • Jira-sak: GREG-489

Moglegheit for å inkludere fleire felt ved eksport til CSV frå vertsgrensesnittet

  • Det er snakk om meir private data enn det som allereie er tilgjengeleg i dagens eksport (privat mobilnummer, privat e-post, fødselsnummer, statsborgarskap)
  • Som vert har ein tilgang til å eksportere data over alle gjester ein har tilgang til. Denne rapporten gir i dag ut ID i Greg, fullt namn, rolle-ID, namn på rolle, eining rollen tilhøyrer, start- og sluttdato, namn på verten som registrerte gjesten og eventuelle kommentarar lagde til på rollen.
  • Jira-sak: GREG-490

Moglegheit for å velje cutoff for kva gjesteroller som skal skjulast i grensesnittet

  • F.eks. 30 dager som standard, med knapp for å vise alle
  • I dag er det mogleg å skjule alle utgåtte roller frå aktive gjester, men det kan vere tilfelle der ein ønskjer å sjå gjesteroller som har gått ut den siste veka f.eks. Då må ein gjerne skrolle forbi alle dei aktive gjestene. Dette skal kunne gjere det enklare å finne nyleg utgåtte gjesteroller utan å måtte ha mange utgåtte gjesteroller i oversikta si.
  • Merk at tidlegare gjesteroller ikkje blir sletta før personen vert sletta. Tida for automatisk sletting av tidlegare gjester er konfigurerbart per institusjon.
  • Jira-sak: GREG-499

Vurdere kva tiltak som kan hindre duplikatregistrering for gjester som loggar inn med ID-porten

  • Vi har det siste året gjort ein del justeringar, som har redusert antalet duplikater. Vi tek ein gjennomgang for å sjå på fleire kanttilfeller og situasjonar for å både hindre og fange opp duplikater.
  • Jira-sak: GREG-493

Gjere det mogleg for vert å endre passnummer for gjest

  • Dersom gjesten har skrive ein feil i utfyllinga av passnummer under registreringa, bør verten kunne rette dette sjølv slik at gjesten ikkje må gå gjennom registreringssteget på nytt.
  • Jira-sak: GREG-492

Sletting av inaktive gjester

  • Gevinst: Mindre støy i oversikta
  • Utgåtte gjesteroller roter og burde ryddast bort for å få betre oversikt over dei gjestene som er aktive.
  • Jira-sak: GREG-507

Støtte for fleire attributter på gjesteroller

  • Gevinst: Gi støtte for ekstra behov til ein gjest, til dømes ekstra tilgangar
  • Ekstra felt på gjesterolle som ikkje kan ligge på personobjektet. Dette kan f.eks. vere felt tilknytte kostnadar som skal til eininga gjesterollen er tilknytt.
  • Jira-sak: GREG-505

2027

Bedre kontroll av ID under registrering (verifikasjon av pass og nasjonalt ID-kort)

  • Til dømes gjennom Digdir si løysing
  • Gevinst: Enklare identifiseringsflyt for utanlandske, og høgare sikkerhetsnivå
  • Prioritert ønske frå mange, men ønskjer å sjå utfallet av Digdir sin pilot før val av løysing for ID-kontroll
  • Jira-sak: GREG-509

Integrasjon med Kontaktregisteret (KREG)

  • Gevinst: Handtere endra kontaktpunkt (mobilnummer, privat e-post)
  • I dag sjekkas det at telefonnummer og e-post er eksisterande og korrekte, men det er ikkje noko som sjekkar om det som tastast inn tilhøyrer gjesten. Det burde dette løyse.
  • Jira-sak: GREG-500

Støtte for at institusjonar sjølv kan leggje til ekstra felt som må fyllast inn under registreringsprosessen

  • F.eks. namn på universitet, firma, byggtilhøyrigheit på campus m.m.
  • Eige felt for å innhente statsborgarskap under registreringsprosessen? (Innebygd liste over land)
  • Gevinst: Meir detaljert informasjon om gjester for dei institusjonane som har behov for det, fleire automatiske tilgangar
  • Kva felt som skal vere med skal kunne konfigurerast hos kvar einskild institusjon via admingrensesnittet, då er det mogleg å leggje til så mykje informasjon ein sjølv ønskjer. Det vil ikkje kunne vere nokon automatisk verifisering på desse felta.
  • Jira-sak: GREG-491

Batchoppdatering av vert på gjesteroller

  • Det bør vere mogleg å endre kven som står som vert på ein eller fleire gjesteroller.
  • Jira-sak: GREG-494

Seinare

Arbeid vi har ønsker om å få gjort, men som vi ikkje får prioritert høgt nok.

Meir detaljert auditlogg

  • Blant anna betre logg over kva endringar som har blitt gjorde på verter inne i Greg, og kven som har gjort endringane
  • Jira-sak: GREG-495

Integrasjon med eIDAS

  • Gevinst: Enklare registrering av utanlandske gjesteforskarar frå land som har støtte for eIDAS
  • I dag må alle utan fødselsnummer, D-nummer, SO-nummer eller Feide-ID registrere seg manuelt. Dette vil gjelde veldig mange utanlandske gjester. Intgrasjon med eIDAS vil kunne automatisk godkjenne utanlandske gjester frå EU.
  • Jira-sak: GREG-508

Moglegheit for at administratorar kan eksportere data via CSV for absolutt alle

  • Det er då snakk om ikkje berre dei gjesterollane knytte til eininga(ne) ein har tilgang til
  • Flytte andre rapportar som i dag kun er i admingrensesnittet, til vanleg grensesnitt
  • Jira-sak: GREG-501

Moglegheit for å aktivere at alle verter tilknytte ei eining blir varsla om ein gjest ventar på godkjenning

  • Leggast til som featureflagg i admingrensesnitt
  • I dag kan alle verter med tilknyting til ei eining godkjenne gjester som ventar på godkjenning, uavhengig av kven som registrerte gjesten. Det er derimot kun verten som registrerte gjesten som får e-post om at gjesten ventar på å bli godkjend. Gjere det mogleg å seie at alle som har tilgang til eininga til gjesten får e-post om at dei treng godkjenning.
  • Jira-sak: GREG-496

Straumlinjeforma løysing for å slå saman to personobjekt (for administratorar)

  • Oversikt over moglege duplikat (Basert på like namn, fødselsnummer m.m.)
  • Det er ingen funksjon for å slå saman personobjekt i dag. Då må ein f.eks velje kva for eit av personobjekta ein ønskjer å behalde og slette det overflødige. Tanken er at ein kan slå saman to personobjekt ved å f.eks velje kva identitetar ein ønskjer å behalde frå kvar av dei.
  • Jira-sak: GREG-502, GREG-503

Integrasjon med IAM-system for å overføre personar til gjesteløysinga

  • Gevinst: Redusere talet på duplikat
  • I dag sender Greg ut meldingar som blir plukka opp av IAM-systemet og lagar brukarkonto til gjesten.
  • Tenkt vidare:
    • F.eks. søkje opp eksisterande brukarar i Feide-katalogen for å leggje dei til. Då vil ein sleppe registreringssteget og vi er sikre på at data er korrekt.
    • Importere verter inn i Greg
    • Lese brukernamn og skrive det tilbake til Greg
  • Jira-sak: GREG-506

Fornye grensesnittet med meir moderne komponentar

  • Gevinst: Meir brukarvenleg
  • Brukargrensesnittet i dag er ikkje bygd for alle ønskte funksjonar, så det burde moderniserast. I tillegg burde brukarreisa tenkjast over igjen med ny funksjonalitet.
  • Jira-sak: GREG-504

Støtte for å inkludere personopplysningar (namn) i visse e-postmalar (f.eks. gjest ventar på godkjenning)

  • Det sendast e-post når ei gjesterolle held på å gå ut som verter ved eininga til gjesterollen får. Denne e-posten seier berre noko om kor mange gjesteroller som held på å gå ut, og ikkje kven det gjeld. Namn i e-post kan gjere det enklare for verten å finne ut av kven det gjeld.
  • Jira-sak: GREG-497

 

Endringslogg

DatoHva
18.06.2026Originalt veikart 
02.09.2026Flyttet "Støtte for fleire attributter på gjesteroller" fra Seinare -> H26

 

 

Publisert 18. juni 2026 11:06 - Sist endret 18. juni 2026 11:06