Allmøte om livsvitskapsbygget

Livsvitskapsbygget ved UiO skal stå ferdig i 2024. Første spadetak blir teke første kvartal 2019. Kva er bestemt så langt om kven og kva som skal inn i bygget? Og kva skjer i byggeprosjektet framover?

Sjå tidslinje for livsvitskapsbygget som er planlagt å stå ferdig i ca. 2024. Statsbygg er byggherre. (Illustrasjon: Ratio arkitekter as).

Møtet er for tilsette ved UiO, spesielt einingar ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet med Farmasøytisk institutt og Kjemisk institutt som skal inn i bygget, og Institutt for biovitskap; Det medisinske fakultet og Det odontologiske fakultet.

Program

  • Kva er bestemt om kven og kva som skal inn i bygget?
    Svein Stølen, rektor UiO og tidlegare styreleiar UiO:Livsvitenskap
  • Vegen vidare for UiO
    Per Morten Sandset, viserektor for forsking og innovasjon UiO
  • Vidare prosess og tidslinje i arbeidet med bygget
    Alexander Strand, prosjektdirektør Statsbygg

Les meir om livsvitskapsbygget på  www.uio.no/livsvitenskap/om/bygg

Påmelding

Publisert 5. apr. 2018 09:32 - Sist endra 11. apr. 2018 12:40