print logo

Bestille karakterutskrift

Du bestiller karakterutskrift i StudentWeb. Karakterutskrifta inneheld alle emne du har bestått ved UiO.

Logg på StudentWeb

  • Karakterutskrifta blir sendt til semesteradressa di. Du kan oppdatere adressa i StudentWeb når du bestiller.
  • Du kan få karakterutskrift på norsk og/eller engelsk, men berre éi utskrift på kvart språk.
  • Dersom du er meldt til eksamen, kan du krysse av for å få tilsendt karakterutskrift når resultatet av eksamen ligg føre. 
  • Karakterutskrifta blir normalt sendt tre til fire virkedagar etter bestilling. Du kan ikkje bestille ny karakterutskrift før det har gått sju dagar sidan siste bestilling. Du får melding i StudentWeb når karakterutskrifta er sendt.

Tidlegare studentar ved UiO

  • Du kan bestille karakterutskrift via StudentWeb sjølv om du ikkje lenger er student ved UiO. Om du ikkje hugsar PIN-koden din, kan du bestille ein ny på innloggingssida til StudentWeb. Har du spørsmål eller treng hjelp med tilgang til StudentWeb, kontakt Knutepunktet

Karakterutskrift til tredjepart

  • Dersom det er krav om at karakterutskrifta blir sendt i forsegla konvolutt i samband med opptak til ein annan utdanningsinstitusjon, bestiller du dette direkte frå fakultetet der du tok flest emne.

Stadfesting på fullført årseining

  • Stadfesting på fullført årseining bestiller du frå fakultetet der du tok årseininga.

Personvern

  • Av personvernhensyn tek UiO ikkje imot bestilling av karakterutskrift eller adresseendring per telefon.
Publisert 18. nov. 2010 08:48 - Sist endra 13. des. 2012 11:44