Sensorveiledning JUR3000 - 3. avdeling - hjemmeeksamen høsten 2007.


Oppgåvetekst:
Drøft verkeområdet for og reglane i lov 26. mars 2004 nr. 17 om finansiell sikkerhetsstillelse, og korleis grunngivinga for lova og enkeltreglar i lova stiller seg til dei rettsreglane som elles ville gjelde.


1 Generelt
Nærare opplysningar om heimeeksamen, mellom anna omfangsgrenser, formelle krav til utforminga og materielle krav til innhaldet, finn ein på denne sida: /studier/emner/jus/jus/JUR3000/h07/JUR3000-2-7/.
Det er viktig å merke seg det første punktet i dei materielle krava:
”Besvarelsen ved hjemmeeksamen skal være et selvstendig arbeid som viser kandidatens juridiske kunnskap, analytiske evne, forståelse og fremstillingsevne samt kandidatens evne til ordentlig skriftlig formidling. Det kreves ikke originalitet, og hjemmeeksamen er ikke en prøve i formell referanseteknikk.”
Saman med oppgåveteksten har studentane fått tilvising til fire artiklar om den nemnde lova:
Lov om finansiell sikkerhetsstillelse – med særlig fokus på sikkerhetsstillelse for eldre gjeld. Artikkel av Kjersti Skog-Hauge, tilgjengeleg på www.konkursradet.no.
Nye rammebetingelser for bruk av innskudd og finansielle instrumenter som sikringsobjekt i den nye loven om finansiell sikkerhetsstillelse. Artikkel av Kjetil Wibe i Tidsskrift for forretningsjus, 2004 s. 148 flg.
Lov om finansiell sikkerhetsstillelse – en innføring. Artikkel av Karl Rosén i Tidsskrift for forretningsjus, 2004 s. 160 flg.
Finansiell trygdgjeving. Artikkel av Kåre Lilleholt, tilgjengeleg på nettadressa bora.uib.no under ”Håkonarmål 2006”.
Dersom nokon av studentane skulle undre seg over at den sistnemnde artikkelen ikkje viser til den førstnemnde, er nok forklåringa så enkel at forfattaren ikkje var merksam på publikasjonen. Lova er omtala her og der også i annan norsk litteratur, og etter kvart finst det ikkje-norsk litteratur som nokre av studentane kanskje vil trekkje inn. Nærare opplysningar om direktiv 2002/47, mellom anna om Kommisjonens evalueringsrapport frå desember 2006, finn ein på denne sida: http://ec.europa.eu/internal_market/financial-markets/collateral/index_en.htm. Direktivet vart innlemma i EØS-avtalen ved vedtak i EØS-komiteen 9. juli 2004, i kraft frå dagen etter.
 

2 Nærare om temaet
Oppgåveteksten er todelt: Studentane blir bedne om å drøfte verkeområdet for og reglane i lova om finansiell trygdgjeving, og dei skal drøfte korleis einskildreglar i lova og grunngjevinga for lova stiller seg til dei rettsreglane som elles ville gjelde (nynorskversjonen er dessverre tvitydig, men bokmålsversjonen viser at det ikkje er ”grunngjevinga for … enkeltreglar” som skal drøftast).
Når det blir spurt om korleis grunngjevinga og einskildreglane ”stiller seg” (bokmål: ”forholder seg”) til elles gjeldande reglar, bør det oppfattast som ei oppmoding til å samanhalde reglane i lova med dei reglane som elles ville gjelde, til dømes å vise i kva grad lova gjer unntak for reglane om omstøyting av pant for eldre gjeld. I den samanhengen skal også grunngjevinga for lova trekkjast inn, men det bør ikkje krevjast anna enn at lovføremål og lovførearbeid blir nytta på vanleg måte i lovtolkinga (det kan seiast å vera noko uvant å skulle drøfte tilhøvet mellom ”grunngjevinga” for ei lov og elles gjeldande reglar). Men oppgåveteksten opnar også for ei kritisk vurdering av grunngjevinga for det innhaldet og den rekkjevidda reglane i lova har fått.
Studentane må stå nokså fritt til å velje opplegg for svaret, men det mest tenlege synest vera ei integrert framstilling, slik at samanhaldinga med dei reglane som elles ville gjelde, blir gjord parallelt med drøftinga av reglane i lova. Dei fleste av reglane i lova skal nettopp gjera unntak frå andre reglar. Grunngjevinga for lova kjem inn i høve til både regelframstillinga og samanhaldinga. Men ei oppdeling av drøftinga må også godtakast.
 

3 Oversyn over problemstillingar som det er rimeleg å vente drøfting av
3.1 Verkeområdet
Lova, og direktivet som lova skal gjennomføre, har i første rekkje sin bakgrunn i transaksjonar mellom finansinstitusjonar (i vid tyding). Dette er ein høgt spesialisert marknad som dei færraste av studentane har føresetnader for å vita noko som helst om, og det kan ikkje krevjast at dei skal skaffe seg nærare kjennskap til desse transaksjonane på dei få dagane dei har til rådvelde. Det bør godtakast at framstillinga er kort her, og ein bør også vera overberande med at eventuelle forsøk på å beskrive marknaden kan bli unøyaktige.
På bakgrunn av den litteraturen studentane har fått oppgjeve, er det rimeleg å vente at dei fleste ser det poenget at lova gjeld også for avtalar med heilt ordinære aksjeselskap så sant medkontrahenten er ein finansinstitusjon.
Ein avtale om finansiell trygdgjeving skal sikre oppfyllinga av ”finansielle forpliktelser” (§ 2 første ledd bokstav a). Sikringa kan skje ved overføring av ”finansiell sikkerhet” til eige eller pant.
Det bør ventast at studentane – på bakgrunn av litteraturen – finn fram til at ”finansiell forpliktelse” omfattar avtalar om å betale pengar (mellom anna å betale tilbake eit lån) og avtalar om å levere finansielle instrument.
Det bør vidare koma fram at ”finansiell sikkerhet” omfattar finansielle instrument og kontante innskot. Ei detaljert drøfting av kva som er meint med finansielle instrument, kan neppe krevjast, men det bør iallfall koma fram at aksjar er eit praktisk døme.
 

3.2 Sikringsoverføring og pant
Den første materielle føresegna i lova er § 3 om ”overdragelse av eiendomsrett”. Studentane bør få fram at poenget er å hindre at overføring til eige med sikringsføremål (sikringsoverføring) blir rekna som pantsetjing (gjennom det som i førearbeide blir omtala som ”omkarakterisering”), og at overføringa dermed kunne støyte mot kravet om lovheimel for pantsetjing. Det er vanskeleg å sjå at dette får særleg mykje å seie frå eller til, for dei aktuelle formuesgoda kan stort sett pantsetjast, og rettsvernreglane er dei same (i proposisjonen s. 34 er ikkje-registrerte derivat nemnde som eit døme på formuesgode som ikkje kan pantsetjast).
Spørsmålet om ”omkarakterisering” kan koma opp i andre samanhengar òg. Ein kan rett nok stille seg tvilande til føresetnaden i førearbeida (proposisjonen s. 34) om at pantelova § 4 9 skal reknast som ein regel om omkarakterisering, men lova fører iallfall til at ein slepp å vurdere aktsemdskravet i pantelova § 4 8. Vidare slepp ein å vurdere om spesialitetsregelen i § 1 4 skal brukast i tilfelle av sikringsoverføring. Det kunne også oppstå spørsmål om omkarakterisering i høve til dekningslova § 5 7, men her gjer § 5 andre ledd i denne lova spørsmålet lite aktuelt. Vi kan ikkje vente at studentane går inn på desse poenga.
Det bør koma fram at lova ikkje regulerer vilkåra for rettsvern ut over dette. Vanlege reglar om rettsvern for overføring til eige eller pant skal gjelde. I § 4 andre ledd er det likevel ei føresegn om oppretthalding av rettsvern der trygd blir tilbakeført etter ”bruk”.
 

3.3 ”Bruksrett” og dekningsavtalar
Etter § 4 kan det avtalast at trygdshavaren har ein vid råderett – omtala som ”bruksrett” – over dei aktuelle formuesgoda.  Råderetten inneber mellom anna at trygdshavaren kan avhende eller tileigne seg formuesgoda, også utanom mishaldssituasjonar. Minstekravet er at det skal skje ei avrekning i pengar til slutt. Dette går vidare enn panthavarens råderett etter pantelova, men det er usikkert kor langt ein etter pantelova kan gå i å avtala ein meir vidtgåande råderett over pantet.
Den vide råderetten må ein også sjå i samanheng med at partane står fritt til å avtala dekningsmåte, sjå § 7. Her oppstår det vanskelege spørsmål i høve til tvangslova § 1 3 andre ledd om førehandsavtalar om dekningsmåte.
 

3.4 Skjeringspunktet ved opning av gjeldsforhandling eller konkurs
Meininga med § 5 første ledd har nok vore at avtalar om finansiell trygdgjeving kan inngåast  (og trygd gjevast) heilt fram til opning av gjeldsforhandling eller konkurs, og enda litt lenger: fram til midnatt opningsdagen, men da med eit godtrukrav i høve til opninga. Eit slikt innhald av regelen føreset at ”tidspunktet for åpning av felles gjeldsforfølgning“  tyder noko anna enn ”åpning av bobehandlingen” i dekningslova § 1 4, jf. konkurslova § 4, nemleg tidspunktet for rettsavgjerda om opning.
 

3.5 Trygdgjeving for eldre gjeld
Etter § 5 andre ledd skal ei trygdgjeving ikkje kunne omstøytast ”alene på det grunnlag at den er stilt for en finansiell forpliktelse som allerede er pådratt”. Førearbeida byggjer på ein føresetnad om at dette er eit unntak (berre) frå dekningslova § 5 7 første ledd bokstav b: ”Stilt” skal nemleg vise til rettsvernstidspunktet (sjå § 2 andre ledd).  Er trygdgjevinga avtala etter at gjelda er pådregen, kan omstøyting skje. Men meininga synest vera at avtale om å stille trygd seinare eller om å utvide trygda (ein rammeavtale om trygdgjeving), skal passere i høve til bokstav a. Kanskje må ein godta at dette er konsekvensen av § 5 andre ledd, men da er det nok reelt tale om eit unntak også frå bokstav a i dekningslova § 5 7 første ledd. I artikkelen av Skog-Hauge er det resonnert litt annleis om dette: Ho synest godta at ein rammeavtale passerer i høve til bokstav a (også utanom området for finansiell trygdgjeving), men at resultatet likevel ville bli omstøyting etter bokstav b, om vi ikkje hadde særreglane (supplerande trygd ville få vern først etter at gjelda var pådregen). Ho argumenterer også for at direktivet tillét strammare reglar om supplerande trygd og ombyting av trygd (supplering berre for å ta omsyn til verdiendringar, og dessutan ikkje auke av trygda ut over det verdiendringa gjer nødvendig).
 

3.6 Sluttavrekning
Føresegnene i § 6 skal sikre at ”sluttavrekning” skal kunne gjennomførast utan hinder av dekningslova §§ 7 3 og 8 1 og gjeldsbrevlova § 26. Sluttavrekning inneber motrekning etter omgjering til pengeverdi av dei aktuelle formuesgoda og betaling av differansen. Tilvisingane inneber at ein skal sjå bort frå buets rett etter dekningslova § 7 3 til å velje å gå inn i ein avtale eller ikkje, dei nærare krava i dekningslova § 8 1 om motrekning krone for krone (som komputabilitetsvilkåret), og reglane i gjeldsbrevlova om nærare vilkår for å kunne motrekne overfor ein cesjonar. Frå før har vi hatt nokre særreglar om motrekning (”netting”) i verdipapirhandellova (1997) kap. 10, sjå no verdipapirhandellova (2007) kap. 14.
På dette punktet kan det vera særleg vanskeleg for studentane å forstå dei underliggjande transaksjonane, og det kan ikkje krevjast mykje av praktisk plassering og forklåring av reglane på dette punktet. Somme finn kanskje fram til Arne Tjaums melding i Tidsskrift for Rettsvitenskap  2007 s. 258 av Ulrik Rammeskow Bang-Pedersens bok Slutavregning, med ei kort forklåring av problemstillingane.
Vi kan neppe krevje at studentane skal greie å eksemplifisere korleis dekningslova §§ 7 3, 8 1 og gjeldsbrevlova § 26 ville slå ut for dei aktuelle transaksjonane. På det punktet gjev ikkje førearbeida mykje hjelp heller.
 

3.7 Generalklausulen
Generalklausulen i § 8, om at realisasjon m.m. skal skje på ”kommersielt rimelige vilkår”, bør omtalast. Om klausulen seier meir enn det som elles ville følgje av avtalelova § 36 og vanlege skadebotreglar, kan diskuterast (førearbeida byggjer på at det er slik), men føresegna inneber iallfall ei påminning.
 

3.8 Lovvalsregelen i § 9
I § 9 er det ein regel om lovval. Regelen tek sikte på registrerte finansielle instrument, medrekna forvaltarregistrerte finansielle instrument. Når lova viser til ”staten hvor den relevante kontoen føres”, seier det i seg sjølv ingenting for tilfella med forvaltarregistrering. Men tanken har visst vore å vise til staten der forvaltaren fører kontoen.
Det kan ikkje krevjast mykje av førehandskunnskapar om internasjonal privatrett, og det er grenser for kor mykje studentane kan setje seg inn på få dagar. I tillegg kjem at føresegna er uklår, og at det trengst kjennskap til marknaden for å forstå reglane.
Det må kunne godtakast at denne føresegna blir halden utafor framstilling, eventuelt at framstillinga er heilt kort. Ein bør heller ikkje slå hardt ned på misoppfatningar her.
 

4 Vurderinga
Oppgåva må kunne kallast vanskeleg. Lova er ikkje omtala i litteraturen for faget, og ein må vel kunne gå ut frå at lova heller ikkje er grundig gjennomgått i undervisninga. Lovteksten er uvanleg tungt tilgjengeleg, og førearbeida er ikkje alltid oppklårande. Også litteraturen om lova er til dels krevjande. Lova tek utgangspunkt i transaksjonar som studentane kjenner lite eller ingenting til frå studiet elles.
I vurderinga bør hovudvekta liggje på forståinga av dei grunnleggjande reglane om pant, konkurs, rettsvern og motrekning. Vidare bør det sjølvsagt honorerast dersom oppgåvesvaret viset god evne til å setje seg inn i nytt stoff. Som antyda eit par stader ovafor, bør ein på den andre sida bera over med misoppfatningar av dei meir spesielle forholda som lova regulerer.
På diskusjonsmøtet med sensorane kom det fram at særleg grensa mellom C og B kan by på vanskar. Ei framstilling som får fram dei viktigaste poenga utan større mistydingar, og som kviler tungt på lovtekst, førearbeid og litteratur, utan å vera avskrift, men som har lite eller ingenting av sjølvstendige drøftingar, må ofte setjast til C. Studentar som i ordbruk og spørsmålsstillingar visar større sjølvstende, kan ofte honorerast med ein B.  Dei som i tillegg får fram at dei har god kjennskap til dei reglane som lova gjer unntak frå, fortener gjerne ein A – alt dette sjølvsagt med atterhald for den nærare vurderinga av kvart oppgåvesvar.
 

Oslo, 20. desember 2007
Kåre Lilleholt
Takk til eksamensformann, nestformann og deltakarar på diskusjonsmøtet for innspel til denne rettleiinga.