Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

Emnet kjernepensum del 1 blir avhalde annankvar haust (partalsår). Emnet består av tre ulike kurs og er obligatorisk for alle kandidatar, uansett fagretning. Ein følgjer kursa i emnet den hausten dei blir haldne.

Kva lærer du?

Målsetjinga med emnet er å gi kandidatane forståing for dei ulike fagfelta, slik at dei kan vurdere fagartiklar kritisk og planleggja eit forskingsprosjekt.

- Epidemiologi

Epidemiologi (pdf)

- Forskningsmetode (Research Methodology)

Program for kurset

Biostatistikk

Kurset strekkjer seg over 2 dagar med totalt 12 kurs timar.

Det vil vere førelesingar, lesing og kommentarar på innhaldet i vitskaplege artiklar.

Bruk av statistisk programvare vil demonstrerast.

Grunnleggjande mål med statistikk:

  • Presentasjon av data, oppsummering/forenkling, tap av informasjon, rett bruk av dataframstillingar
  • Oppsummering av data, typar data, og ulike klassiske metodar.

Variabilitet: usikkerheit og tilfeldigheit

  • Modellar er forenklingar, matematisk språk
  • Generalisering frå data, representativitet, tilfeldig utval, definisjon av populasjon
  • Behovet for presist språk i nærvær av usikkerheit...

Generalisering av studieresultat til ein stor populasjon

  • Standardisering osb... Frå utval til populasjon
  • Konfidensintervall for populasjonsparametrar

Forskjellar mellom grupper/populasjonar à signifikans testar og p-verdi

Studie av nokre artiklar for å identifisere "statistiske" komponentar og teknikkar

Statistiske modellar og relaterte omgrep:

  • Lineær og logistisk regresjon
  • Val av regresjonsvariablar
  • Utforsking av data, multiple testar...
  • Kontingenstabellar og overlevingsdata

Nokre kommentarar om statistisk programvare.

Lese- og studiemateriale: Bland (2015) An Introduction to Medical Statistics, 4th ed., OUP.

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar med opptak til spesialistprogrammet i odontologi.

Undervisning

Arbeidsform: Forelesningar, seminar, gruppeundervisning og kurs.
Det er forventa at studentane førebur seg til undervisninga og gjer etterarbeid.

Adgang til undervisning

Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.

Eksamen

Deltaking i undervisninga gir bestått emne.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala bestått/ikkje bestått. Les meir om karakterskalaen.

Evaluering av emnet

Vi gjennomfører fortløpande evaluering av emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande evaluering.

Fakta om emnet

Studiepoeng
5
Undervisning
Annankvar haust frå 2022
Undervisningsspråk
Norsk