Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

Emnet kjernepensum del 1 blir avhalde annankvar haust (partalsår). Emnet består av tre ulike kurs og er obligatorisk for alle kandidatar, uansett fagretning. Ein følgjer kursa i emnet den hausten dei blir haldne.

Kva lærer du?

Målsetjinga med emnet er å gi kandidatane forståing for dei ulike fagfelta, slik at dei kan vurdere fagartiklar kritisk og planleggja eit forskingsprosjekt.

- Epidemiologi

Program for kurset

- Forskningsmetode (Research Methodology)

Program for kurset

- Biostatistikk

Program for kurset

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar med opptak til spesialistprogrammet i odontologi.

Undervisning

Arbeidsform: Forelesningar, seminar, gruppeundervisning og kurs.
Det er forventa at studentane førebur seg til undervisninga og gjer etterarbeid.

Adgang til undervisning

Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.

Eksamen

Deltaking i undervisninga gir bestått emne.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala bestått/ikkje bestått. Les meir om karakterskalaen.

Evaluering av emnet

Vi gjennomfører fortløpande evaluering av emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande evaluering.

Fakta om emnet

Studiepoeng
5
Undervisning
Annankvar haust frå 2022
Undervisningsspråk
Norsk