English version of this page

Studentbevis og studentkort

Du dokumenterer at du er student enten med mobil-appen Studentbevis/Student ID eller med semesterkvittering og studentkort.

Studentkortet kan gje deg tilgang til bygningar og rom på UiO og du treng det for å  hente pullprint-utskrifter.

Studentbevis på mobil

For å få gyldig studenbevis med semesterkvittering på mobilen må du:

  1. ha registrert deg i Studentweb og
  2. ha betalt semesteravgifta.

Bildet i appen er det same du har på studentkortet ditt. Det blir henta inn automatisk til appen. Les meir i avsnittet om studentkort.

Slik installerer du appen Student ID/Studentbevis

Gyldig studentbevis

Ugyldig studentbevis

Bilde av gyldig studentbevis Bilde av ugyldig studentbevis

Kor lenge er studentbevisene gyldige?

  • til 31. januar for hausten
  • til 31. august for våren.

Viser ikkje appen inneværande semester? Trykk på dei tre prikkane/tannhjulet øvst til høgre i appen og vel "Oppdater" (krev internettilgong).

Semesterkvittering på papir

  • Semesterkvittering på papir er ikkje lenger naudsynt, men saman med studentkortet er det eit alternativt studentbevis.
  • Du bestiller i Studentweb under menyvalet "Meir". Vel "Bestillingar" og så "Semestervittering".
  • Semesterkvitteringa blir sendt til semesteradressa di etter nokre dagar.

Studentkort

  • Studentkort kan gje deg tilgang til bygningar og rom på UiO, du treng det for å hente pullprint-utskrifter og det kan nyttas som lånekort på biblioteka.
  • Kortet blir laga ved personleg frammøte i SiO kundesenter i Kristian Ottosens hus på Blindern. 
  • Ta med gyldig
    • semesterkvittering i appen Studentbevis eller semesterkvittering på papir og
    • legitimasjon.
  • SiO tar bilde av deg.

Har du mista kortet eller fått det stole?

Kontakt SiO kundesenter på Blindern

Betalt semesteravgifta til ein annen studentsamskipnad enn SiO, avdeling UiO?

Da kan du få nøkkelkort som du kan nytte som tilgangskort og lånekort på biblioteka. Du må først registrere deg i Studentweb. Ta med gyldig legitimasjon til SiO kundesenter.

Studentnummer

Alle studentar ved UiO har eit UiO-studentnummer.

  • Studentnummeret ditt står på studentbeviset. Du finn det også i Studentweb.
  • UiO-studentnummeret kan brukast på UiO, til dømes om du kontaktar eit studieinformasjonssenter med spørsmål om studiesituasjonen din.
  • Du har det same studentnummeret sjølv om du byter studieprogram ved UiO.

Kontakt

Knutepunktet - sentralt studentinformasjonssenter

Publisert 18. nov. 2016 10:33 - Sist endra 10. aug. 2017 14:44