English version of this page

Studentbevis og tilgangskort

Du dokumenterer at du er student med mobil-appen Studentbevis/Student ID.

Tilgangskortet kan gje deg tilgang til bygningar og rom på UiO, du treng det for å hente pullprint-utskrifter og det kan nyttast som lånekort på biblioteka.

Bilde av studentbevisappen

Slik ser studentbevisappen ut

Innhold

Studentbevis på mobil

For å få gyldig studentbevis med semesterkvittering på mobilen må du:

  1. ha registrert deg i Studentweb og
  2. ha betalt semesteravgifta til SiO ved UiO
  3. ha plass på
    - eit studieprogram
    - eller eit emne, med eksamensmelding

Bildet i appen er det same som du har på tilgangskortet ditt. Det blir henta inn automatisk til appen. Les meir om tilgangskort og korleis du får det. Har du ikkje tilgangskort? Du kan likevel nytte studentbevisappen, men då saman med gyldig legitimasjon.

Du finn appen som Studentbevis+ i App Store: og Google Play. Informasjon om appen frå Sikt.

European Student Card

Programstudentar med norsk fødselsnummer (ikkje D-nummer), men ikkje enkeltemnestudentar eller ph.d.-kandidater, kan nytte Studentbevisappen som europeisk studentkort (Europen Student Card (ESC)). Det tydar at UiO-studentar som har appen kan bruke studentbeviset i Europa til å få studentrabattar og ev. andre studentgode. Les meir om ESC på Europakommisjonens nettsider. Du må samtykke til dataoverføring om deg i Studentweb.

Semesterkvittering på papir

Har du ikkje smartmobil kan du tinge semesterkvittering på papir hos Knutepunktet - sentralt studentinformasjonssenter. Saman med tilgangskortet er det eit alternativt studentbevis. Merk at Ruter ikkje anerkjenner dette alternativet.

Kor lenge er studentbevisa gyldige?

  • til 31. januar for hausten.
  • til 31. august for våren.

Viser ikkje appen inneverande semester? Trykk på dei tre prikkane/tannhjulet øvst til høgre i appen og vel "Oppdater" (krev internettilgang). I mobilappen blir kvittering for hausten synleg frå 1. juli, og for våren frå 1. januar.

Tilgangskort for studentar

Tilgangskortet kan gje deg tilgang til bygningar og rom på UiO, du treng det for å hente pullprint-utskrifter og det kan nyttast som lånekort på biblioteka. Les meir om tilgangskort og korleis du får det.

Tilgangskort som student for ph.d.-kandidatar

Ph.d.-kandidatar som er aktive på eit ph.d.-program kan også få tilgangskort som studentar. Det er mest aktuelt for ph.d.-kandidatar som ikkje er tilsette på UiO og for kandidatar som er ferdig med tilsettingsperioden sin. 

Tilgangskort som student kan gje deg tilgang til bygningar og rom på UiO. Det kan også nyttast for å hente pullprint-utskrifter og som lånekort på biblioteka.

Les meir om tilgangskort og korleis du får det.

Betalt semesteravgift til ein annan samskipnad?

Dersom du har betalt semesteravgifta til ein annan studentsamskipnad enn SiO, avdeling UiO kan du få nøkkelkort. Dette kan du nytte som tilgangskort og lånekort på biblioteka. Du må først registrere deg i Studentweb. Ta med gyldig legitimasjon til Kortsenteret i Kristian Ottosens hus på Blindern.

Studentar som ikkje betaler semesteravgifta til SiO ved UiO får ikkje gyldig semesterkvittering frå UiO i studentbevis-appen eller semesterkvittering på papir.

Studentnummer

Alle studentar og ph.d.-kandidatar ved UiO har eit UiO-studentnummer.

  • Studentnummeret ditt står på studentbeviset. Du finn det også i Studentweb, øvst på sida Min profil.
  • UiO-studentnummeret kan brukast på UiO, til dømes om du kontaktar eit studieinformasjonssenter med spørsmål om studiesituasjonen din.
  • Du har det same studentnummeret sjølv om du byter studieprogram ved UiO.

Kontakt

Knutepunktet - sentralt studentinformasjonssenter

Publisert 18. nov. 2016 10:33 - Sist endra 4. sep. 2026 11:34