English version of this page

Bekreftelser

I dei fleste tilfella der du treng stadfesting/bekreftelse kan du bruke semesterkvittering, Vitnemålsportalen, karakterutskrift, vitnemål eller vedtaksbrev.

Dette har du allereie stadfesting/bekreftelse på

  • At du er student - semesterkvitteringa stadfestar at du er student dette semesteret og at du har betalt semesteravgifta.
  • Studiestart/studieslutt - datoane finn du på nettsida vår.
  • Permisjon - dette går fram av vedtaksbrevet du har fått.
  • Lånekassen får automatisk beskjed om at du er registrert som student og kva eksamenar du har tatt.
  • Resultata dine (emne, semester, studiepoeng og karakter) kan du dele digitalt med andre frå Vitnemålsportalen. Treng du resultata på papir kan du bestille karakterutskrift.
  • Graden - har du motteke vitnemål, har du stadfesting på graden.

Studentrabatt hos Ruter

Dersom du skal kjøpe studentbillett hos Ruter kan du nytte mobilappen Studentbevis. Det ligg ein gul boks nedst i appen med teksten "Gyldig semesterkvittering" dersom du har betalt semesteravgifta og registrert deg for gjeldande semester. Du kan også nytte semesterkvittering og studentkort, om du ikkje har appen.

Når kan du be om stadfesting/bekreftelse? 

  • Dersom du treng stadfesting til myndigheiter eller andre som ber om særskild stadfesting, til dømes NAV eller Helsedirektoratet.
  • Når du vil søkje om å utsette verneplikta. Stadfestinga sender du vidare til Vernepliktsverket saman med søknaden.
  • Fakultetet ditt avgjer om dei kan stadfeste det du ber om.
  • Når du treng å få stadfesta studieprogresjonen din kan du bestille ein progresjonsrapport

Bestill stadfesting/bekreftelse

Nettskjema på bokmål / nynorsk

(Logg på  med ditt UiO-brukernamn og passord)

Spørsmål?

Kontakt infosenteret på fakultetet ditt.

 

Publisert 6. feb. 2017 09:46 - Sist endra 7. mars 2017 14:19